Workfinder

Heimetenesta, Stad kommune

Helgestillingar og tilkallingsvikarar avd. Nordfjordeid

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Er du interessert i heimebasert omsorg? Vi søkjer engasjerte tilsette til helgestillingar og tilkalling i heimetenesta avdeling Nordfjordeid. Vi treng fleire til å jobbe både i ambulerande heimeteneste og i vårt bemanna bufelleskap. Heimetenesta er ei teneste i stadig utvikling. Tenesta har tenestestader med heildøgnsdrift og oppfølging av heimebuande brukarar. Brukargruppa er samansett av menneske med ulike funksjonsnedsettingar og helseutfordringar i ulik alder og livssituasjon.

Arbeidsoppgåver

  • •Gjennomføre faglege oppgåver, omsorg og behandling
  • •Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer

Kvalifikasjonar

  • •Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • •Det er ønskeleg med fagutdanning innan helse og omsorg, men ikkje eit absolutt krav

Personlege eigenskapar

• Du jobbar for eit kontinuerlig godt og utviklande arbeidsmiljø • Du har gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg • Du likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver • Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar • Du er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid • Du tek initiativ og ansvar • Du kan arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre Vi tilbyr

  • •Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • •Høve til fagleg utvikling
  • •Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • •Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • •Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt.

Informasjon om pensjons- og forsikringsordningane finn du her. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Stad kommune har 6 månader prøvetid. Politiattest skal leggast fram før start i stillinga. Aktuelle søkjarar må ha førarkort.

Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. Ta gjerne kontakt for ein prat om stillingane! Kontaktinformasjon Marthe Stave, Avdelingsleiar heimetenesta, 95999604, marthe.stave@stad.kommune.no

Anne Dybedal Berteig, Avdelingsleiar heimetenesta, 989 00 561, anne.dybedal.berteig@stad.kommune.no

Ingrid Hjelmeland, Assisterande einingsleiar heimetenesta, 97530265, ingrid.hjelmeland@stad.kommune.no

Anne-Lise Teige, Konstituert einingsleiar heimetenesta, 41002206, anne-lise.teige@stad.kommune.no

Arbeidsstad Fossevegen 10

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5194053041

Stillingsprosent: 40%

Fast, Vikar

Søknadsfrist: 01.11.2026