Workfinder

Sandøy omsorgsdistrikt, Ålesund kommune

Kokk

HarøyHeltid, Fast, FastFrist 16. oktober

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Ålesund kommune ved Sandøy omsorgsdistrikt har ledig 100% fast stilling som kokk i storkjøkken, avd. Sandøy kjøkken. Oppstart etter avtale. Arbeidsgivar kan drøfte annan stillingsprosent. Stillinga er innplassert i arbeidsplan med arbeid kvar 3. helg. Tenestestad er Sandøytunet på Harøya i Ålesund kommune. Andre avdelingar i Sandøy omsorgsdistrikt er sjukeheim, bukollektiv, dagsenter, heimetenester. Storkjøkkenet tilbereder mat til institusjon - sjukeheim, bemanna bukollektiv og dagsenter. I tillegg tilberedes det mat til heimebuande med vedtak matombringing etter kok-server prinsipp. Kjøkkenet driftar Nærmiljøkafe og tek på seg catering oppdrag ut frå kapasitet. Som kokk i storkjøkken i Sandøytunet bidreg ein til gode pasientforløp med god ernæring til pasientar og brukarar. Ein er og ein viktig bidragsytar i sosiale møteplassar gjennom matservering i Nærmiljøkafe. Omsorgsdistriktet er eit lokalsamfunn med fleire øyar, der Harøya og Finnøya har fastlandsforbindelse -Nordøyvegen. Andre tilbod ein har i nærleiken til Sandøytunet er barnehage, barne og ungdomsskule, daglegvarebutikkar, bank og mange private bedrifter. Det er mange tilbod for fritida lokalt innan friluftsliv, idrett, treningssenter og kultur.

Arbeidsoppgåver

• Tilberedning av varme og kalde rettar, kaker og desserter, spesialkost av ulike variantar, tradisjonsmat til høgtider • Sikre måltid av god ernæringsmessig kvalitet i tråd med gjeldande avtalar og retningslinjer • Oppgåver knytt til drift av kafe • Følge rutiner for mattrygghet og reinhald i kjøkken • Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar. • Samarbeid med interne/eksterne aktørar. Kvalifikasjonar

• Fagbrev som kokk • Relevant erfaring frå institusjonskjøkken er ein fordel • Søkere under utdanningsforløp innen faget kan bli vurdert • God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR) • Beherske IKT-verktøy • Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar • Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben. • Det forutsettes at den som skal tilsettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS). • Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov Personlege eigenskapar

• Trygg, tydeleg og engasjert • Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar • Sjølvstendig og samarbeidsorientert • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø • Nytenkande og endringsvillig • Personlege eigenskaper blir vektlagt Vi tilbyr

  • •Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • •Fagleg påfyll etter virksomhetens behov
  • •Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff
  • •Pensjonsordning i henhold til tariff
  • •Bedriftshelsetjeneste
  • •IA bedrift

Kontaktinformasjon Renate Finnøy, Verksemdsleiar Sandøy, 906 14 079, renate.finnoy@alesund.kommune.no

Arbeidsstad Austrevegen 15

6296 Harøy

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 5188103072

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 16.10.2026