Suldal kommune Suldal sjukeheim
Sjukepleiar i periodeturnus
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Sand
- Deltid, Fast, Fast
- Frist 8. november
- Lønn ikke oppgitt
Våren 2025 flytta me inn i nye flotte og moderne lokalar, der alt ligg til rette for å kunne trivast. Me har no ledig 3 faste stillingar der du får arbeida i periodeturnus. Dette er ein ny turnustype for Suldal sjukeheim, der du i denne turnusperioden arbeidar 8 dagar og har 13 dagar fri. Nå er arbeidsperioden torsdag til torsdag, hovudsakleg langvakter.
Om Suldal sjukeheim
- •Me har to pleieavdelingar med totalt 38 rom
- •Me har årsturnus
- •Me kan love deg dyktige og engasjerte kollegaer
- •Me har høg fagkompetanse og mykje hjartevarme
- •Me jobbar for å gi trygg og aktiv omsorg med fokus på livskvalitet
Om stillinga
• Stillingsstorleikar: 3 x 89,2 % • Stillingstype: fast stilling • Oppstart: 01.01.2027, moglegheit for tidlegare oppstart • Turnus: periodeturnus der du arbeidar 8 dagar og har 13 dagar fri. Langvakter 7 av 8 dagar. Ved intern omrokkering kan anna stilling verta ledig. Arbeidsoppgåver
• Utøve omsorgsfull og fagleg forsvarleg pleie av bebuarane ved sjukeheimen Kvalifikasjonar
- •Autorisasjon som sjukepleiar
- •Personlege eigeskapar vil bli vektlagt
- •Evne til å arbeida sjølvstendig og i team
- •Evne til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
- •Evne til å takle andre personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar med tryggleik og respekt
- •Gode datakunnskapar
- •Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar Me ser etter deg som:
• Er trygg og sjølvstendig i faglege vurderingar • Tek ansvar og arbeider strukturert • Er lærevillig og nysgjerrig på velferdsteknologi • Bidreg positivt til arbeidsmiljø og samarbeid Tilsett i Suldal kommune
• Sjukepleiarar får eit tillegg på kr. 25.000 hjå oss, og spesialsjukepleiarar får eit tillegg på kr. 30.000. • Me har rekrutteringsbustadar du kan søkje på for å prøvebu i Suldal. Sjå her: Prøvebu i Suldal - Suldal kommune heimeside • Me har gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP • Me har bedriftshelseteneste • Me har løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk • Me har nynorsk som administrasjonsspråk Andre opplysingar
• Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju • Det er krav om godkjent politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltredning. Attesten kan ikjke vereeldre enn tre månadar • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentliggjering av sækjarliste Slik søkjer du
• Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar • Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan ålogge inn. Dess mer du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan deitakast med til intervju Treng du hjelp kan du kontakte kommunen på tlf. 52 79 22 00
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.