Barne- og ungdomsavdeling - Haugesund sjukehus
Lege i spesialisering - barnesjukdomar
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Haugesund
- Heltid, Fast, Fast
- Frist 15. november
- Lønn ikke oppgitt
Vil du vere med på ein jobb der ingen dagar er like, og der du kan skape tryggleik, glede og gode augeblikk for barn og unge? Ein av våre LIS3 er no klar for nye utfordringar og vi søkjer no ein ny kollega som ønsker å spesialisere seg i barnesjukdomar (pediatri). Hos oss finn du dyktige kollegaer, mykje humor og ein felles engasjement for å gi dei minste pasientane våre den beste omsorga. Saman skaper vi både tryggleik og minnerike augeblikk – bli med oss då vel! Avdelinga omfattar barnepoliklinikk i Haugesund og på Stord, nyfødtintensiv eining, barnesengeeining og Familieambulatoriet. Vi har for tida ni overlegestillingar og sju legar i spesialisering. 👉 Søk no – vi gler oss til å møte deg! Oppstartsdato etter avtale.
Kva går jobben ut på?
• Arbeid ved sengeeining barn, nyfødtintensiv eining og barnepoliklinikken Haugesund. • Utgreiing, behandling og oppfølging av barn og unge. • Delta i undervisning. • Delta i sju-delt tenesteplan med aktive vakter. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Du må ha:
• Gjennomført LIS1 eller tilsvarande. • Norsk autorisasjon som lege. • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Det er ein fordel om du har:
- •Erfaring frå LIS-stilling ved barneavdeling.
Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som:
• Har godt lag med folk og er oppteken av god pasientbehandling. • Kommuniserer godt med barn, ungdom og føresette • Tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver. • Samarbeider godt med kollegaer og andre faggrupper • Arbeider sjølvstendig og held oversikt, også når det er mykje som skjer Personlege eigenskapar blir vektlagde. Kvifor skal du velje oss?
• Eit fagmiljø der du får arbeide med ulike problemstillingar innan barnesjukdomar. • Hos oss får du kollegaer som tek vare på kvarandre og skapar eit godt arbeidsmiljø. • Vi har eit sterkt fagmiljø der vi deler kunnskap og utviklar oss saman. Kontaktinformasjon Anne Margrethe Øritzland, Avdelingsleiar, barne- og ungdomsavdelinga, 91875039, anne.margrethe.oritzland@helse-fonna.no
Arbeidsstad Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF