Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt, Ålesund kommune
Helsepersonell til tiltak barn i privat heim på Sjøholt
Vi søker etter helsepersonell/assistenter til fast stilling i langvakter, ca 80 % stilling. Eine stillinga er på natt, den andre på dag/kveld. Arbeid kvar 3.helg.
Arbeidet er i privat heim i distriktet Ørskog, med kontinuerlig tilsyn og hjelp/oppfølging av eit barn på rundt 3 år. Vi søker etter ein stabil person som kan arbeide i heimen over tid.
Opplæring vil foregå på dagtid. Oppstart i stilling frå snarast.
Arbeidsoppgåver
- •Sikre nødvendig helsehjelp til barnet i tråd med gjeldande vedtak og retningslinjer
- •Samarbeide tett med med føresatte/pårørende - avlastning
- •Observasjon, kartlegging og iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen)
- •Prosedyrer og medisinsk oppfølging etter opplæring
- •Legemiddelhåndtering, medisinsk behandling og oppfølging
- •Omsorg, stimulering og trening med barnet
- •Samarbeid med ulike tenesteområde og faggrupper
- •Bidra til auka livskvalitet
Kvalifikasjonar
• Primært ønskeleg med utdanning innan helse - autorisasjon som helsefag, evt sjukepleiar • Assistenter med relevant erfaring innen helse og/eller arbeid med barn kan bli vurdert. • Relevant erfaring er ein fordel • God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR). Det er også krav til at søkjar kan kommunisere på engelsk muntleg. • Beherske IKT-verktøy • Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar • Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben. • Det forutsettes at den som skal ansettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS). • Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen mm) Personlege eigenskapar
• Vi søker etter ein roleg omsorgsperson med gode kommunikasjons- og samarbeidsegenskaper • Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på pasienten • Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar • Sjølvstendig, nytenkande og endringsvillig • Evne til å både arbeide effektivt og til å bevare ro i hektiske situasjoner • Personlege eigenskaper blir vektlagt Vi tilbyr
- •Grundig opplæring
- •Tilrettelagde fasiliteter for den tilsette
- •Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff
- •Pensjonsordning i henhold til tariff
- •Bedriftshelsetjeneste
- •IA bedrift
Kontaktinformasjon Maren Langlo Kongsnes, Avdelingsleiar, 950 65 938, maren.langlo.kongsnes@alesund.kommune.no
Linn Evy Abelseth Søvik, Verksemdsleiar, 906 84 106, linn.evy.abelseth.sovik@alesund.kommune.no
Arbeidsstad Steinholtvegen 6
6240 Ørskog
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Ålesund kommune
