Høgskulen på Vestlandet
Seniorkonsulent/rådgjevar i studieadministrasjonen
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Haugesund
- Heltid, Fast, Fast
- Frist 17. november
- Lønn ikke oppgitt
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap, har ledig 2 stillingar i 100 % som seniorkonsulent/rådgjevar i studieadministrasjonen Studieadministrasjonen ved Fakultet for helse- og sosialvitskap er lokalisert i Bergen, Førde, Sogndal, Stord og Haugesund. Arbeidsstad for stillingane vil vere på ein av dei fem campusane.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
• Studieadministrativt arbeid, inkludert innhenting og fordeling av praksisplassar og sakshandsaming av ulike studentsaker • Kvalitetssikre praksisomtale i studieprogram i tråd med gjeldande forskrifter • Kommunikasjon med og informasjonsflyt til studentar og samarbeidsparter i praksisfeltet • Samarbeid med administrasjon og fagtilsette ved HVL sine fem campus • Andre relevante ansvarsområder og arbeidsoppgåver kan og vere aktuelle, mellom anna utviklings- og forbetringsoppgåver Endringar i arbeidsoppgåver må påreknast
Kvalifikasjonskrav: Formell utdanning og kompetanse:
• Relevant høgare utdanning, minimum på bachelornivå • Relevant erfaring frå forvalting/sakshandsaming • Gode IKT- kunnskapar • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk Ønska kompetanse
• Erfaring frå studieadministrativt arbeid ved høgskule eller universitet, inkludert kjennskap til Felles studentsystem (FS) • God kjennskap til praksisfeltet for helse- og velferdssektoren Personlege eigenskapar:
• Du er strukturert og sjølvstendig, og har evne til å prioritere mellom fleire oppgåver samtidig • Du trivs i ein variert arbeidskvardag med høgt tempo og periodar med stort arbeidspress • Du er løysingsorientert og har god gjennomføringsevne • Du har gode evner til kommunikasjon og samarbeid, og samhandling • Du bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø Motivasjon og personleg eignaheit vert tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
• Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling • Høve for trening i arbeidstida Stilling som seniorkonsulent/rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskodar 1363 seniorkonsulent/ 1434 - rådgjevar. Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga? Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje. Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vere tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon: Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV. Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane. Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er: 1) Studieadministrativ leiar Kristine Tveit E-post: kristine.tveit2@hvl.no Tlf: 52 70 26 29
Inkludere, utfordre og samhandle Les meir på våre heimesider.