Strandebarm omsorg
Sjukepleiar - vikariat
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Strandebarm
- Deltid, Vikariat, Vikariat
- Frist 1. november
- Lønn ikke oppgitt
Vil du bli vår nye medarbeidar?
- •Strandebarm omsorg har ledig 85% vikariat for sjukepleiar
- •Ledig frå 1. desember 2026 og tom. 1.januar 2028. Oppstart etter avtale
- •Stillinga er i årsturnus, fortida med arbeid på dag, kveld og helg
- •Moglegheit for langvakter på helg
Pleie og omsorgstenesta i Kvam har fokus på "Eit godt liv der me bur" og har som mål å skapa omsorgstenester for framtida. Meir satsing på tenester til heimebuande er sentralt i den nye omsorgsmodellen. Strandebarm omsorg består i dag av sjukepleiarar, fagarbeidarar, pleiemedarbeidarar, aktivitør, fysioterapeut og lege. Me har i dag base på Strandebarmheimen sjukeheim.
Arbeidsoppgåver Hos oss ved Strandebarm omsorg tilbyr me tenester til brukarar i institusjon, omsorgsbolig og i heimetenesta.
• Oppgåver knytt til pasientoppfølging • Medisinske prosedyrar • Koordinering av pleieplanar • Oppfølging av ADL/IPLOS og ernæring • Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel • Fagutvikling og tverrfagleg samarbeid Kvalifikasjonar
- •Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- •Nyutdanna/snart ferdig utdanna sjukepleiarar oppfordrast til å søkja
- •Gode kommunikasjonsevner
- •Beherska norsk munnelg og skriftleg
- •Du må kunne arbeida sjølvstendig, vera fleksibel og ha gode samarbeidsevner
- •Førarkort på bil
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar. Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter. Personlege eigenskapar
• Serviceinnstilt og engasjert • Fleksibel og løysingsorientert • Samarbeidsvillig og gode kommunikasjonsevner • Møta andre på ein respektfull og open måte Me tilbyr
• Ein arbeidstad i utvikling • Trivelege kollegaer i eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø • Varierte arbeidsoppgåver • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnssystem • Som sjukepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid) • Gode pensjons- og forsikringsordningar Generell informasjon:
- •Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
- •I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- •Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Kontaktinformasjon Elisabeth Svåsand, Gruppeleiar i Strandebarm, 918 17 408
Arbeidsstad Tangeråsneset 25
5630 Strandebarm
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Kvam herad