Voss herad Helsestasjon og skulehelsetenesta
Ledig vikariat som helsesjukepleiar
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Voss
- Heltid, Vikariat, Vikariat
- Frist 11. november
- Lønn ikke oppgitt
Voss helsestasjon- og skulehelseteneste har ledig 100% vikariat helsesjukepleiarstilling frå 01.01.27 - 01.01.28 - dato for oppstart kan avtalast nærare ved tilsetting. Ta gjerne kontakt for meir informasjon. Om arbeidsstaden: Helsestasjon og skulehelsetenesta er organisert under kommunalavdeling Oppvekst i Barne- og familietenesta, saman med PPT, Barneverntenesta, Kommunepsykologane, Integreringstenesta og Barne og familietenesta. Tenestene er samlokaliserte i Knutepunktet, sentralt i Voss sentrum. Andre aktuelle samarbeidspartar i bygget er BUP, Kommunelegekontor, Psykisk helse & rus og NAV. I tenesta vår jobbar merkantil, fysioterapeut, jordmødre, helsesjukepleiarar og legar. I lokala våre på Knutepunktet har me helsetenester til gravide, flyktningar og asylsøkjarar, helsestasjon 0-5 år, skulestartundersøkingar og helsestasjon for ungdom. I tillegg har me skulehelseteneste tilstades ute til barne-og ungdomsskulane, og til dei to fylkeskommunale vidaregåande skulane på Voss. Me søkjer deg som har eit sterkt engasjement for førebyggjande og helsefremjande arbeid, og som ønskjer å bidra til at barn og unge får gode oppvekstvilkår. Voss herad er ein BTI-kommune (Betre tverrfagleg innsats). Som tilsett hjå oss, arbeider du i tråd med BTI-modellen og bidreg aktivt til godt tverrfagleg samarbeid til beste for barn, unge og familiane deira. Me tilbyr:
• Eit spanande og meiningsfylt arbeid, med variasjon i arbeidsoppgåver • Fagleg utvikling og rettleiing • Eit godt tverrfagleg og sosialt arbeidsmiljø • Yrkesskade- og gruppelivsforsikring • Gode pensjonsordningar • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår • Helsesjukepleiarar med master i helsesjukepleie vil verte løna for masteren • Rekrutteringstillegg på 25 000 kr for helsesjukepleiarar som ikkje har master Kvalifikasjonar:
• Helsesjukepleiar med godkjend helsesjukepleiarutdanning • Erfaring frå praksis i helsestasjon og skulehelseteneste er ynskjeleg • Førarkort for bil, klasse B. • Gode norskkunnskap skriftleg og munnleg Arbeidsoppgåver kan vera:
- •Helsestasjon (0-5år)
- •Skulehelseteneste (6-19 år)
- •Helsestasjon for Ungdom (13-23 år)
- •Migrasjonshelse
- •Helsefremjande og førebyggjande arbeidsoppgåver i tråd med nasjonale retningslinjer for helsestasjon og skulehelsetenesta
- •Tverrfagleg samarbeid internt og med andre tenester er ein viktig del av arbeidet.
- •Utvikling av tenesta etter nasjonale faglege retningsliner for helsestasjon og skulehelseteneste.
Personlege eigenskapar
• Du er fagleg engasjert og trives med å arbeida med born, unge og deira føresette • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig vil bli vektlagt Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.