Nav Region Sunnfjord
Opplæringskoordinator
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Førde
- Heltid, Fast, Fast
- Frist 2. november
- Lønn ikke oppgitt
Vår noverande opplæringskoordinator hoppar straks inn i nye arbeidsoppgåver i Nav og etterlet seg difor ein spennande jobb! Kan det vere at akkurat DU har lyst til å gi fleire moglegheita til utdanning, kvalifisering og arbeid?
Nav region Sunnfjord dekker kommunane Sunnfjord, Kinn, Høyanger, Askvoll, Fjaler og Hyllestad. Regionen består av ca 100 tilsette - alle veldig klar for å ynskje deg velkomen til eit godt arbeidsmiljø og høve til å påverke opplærings- og kvalifiseringstilbod i fylket. Litt meir spesifikt vil du ha arbeidsplass på regionkontoret Nav Sunnfjord og Ytre Sogn. Sjølv om fleire av oss er mykje på farta der "det skjer" har vi kontorplassen vår på Sunnfjord rådhus. Ikkje berre har vi kjekke, engasjerte og dyktige fagfolk på kontoret, du vil også møte ein fleksibel arbeidsplass kor du både kan nytte trening i arbeidstida, bli kjent med heile gamle Sogn og Fjordane og ikkje minst legge opp din eigen arbeidsdag.
Vi søkjer med dette ein engasjert opplæringskoordinator som vil vere med på å styrkje samarbeidet mellom Nav, utdanningssektoren og arbeidslivet. Målet er at fleire skal få den kompetansen arbeidsmarknaden etterspør, og at fleire skal få moglegheit til å fullføre utdanning og kome i arbeid. Dette er ei stilling for deg som trivst i skjeringspunktet mellom menneske, kompetanseutvikling og arbeidsliv. Rolla kombinerer samarbeid, utviklingsarbeid og nettverksbygging, og gir høve til å påverke korleis Nav kan bidra til at fleire lykkast med utdanning og kvalifisering. Som opplæringskoordinator blir du ein sentral ressurs for Nav-kontora i regionane Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. Du vil arbeide tett med kollegaer i Nav, fylkeskommunen, utdanningsaktørar og arbeidsgjevarar for å utvikle gode opplæringstiltak og kvalifiseringsløp som møter behova til både brukarane og arbeidslivet. Du blir ein viktig del av fagmiljøet for opplæringskoordinatorar i Nav Vestland, der samarbeid, erfaringsdeling og felles utviklingsarbeid står sentralt. Fagmiljøet i Vestland består av fire opplæringskoordinatorar som saman jobbar opp mot alle regionar i fylket.
Kva går jobben ut på? Kva går jobben faktisk ut på?
• vere vår ressursperson på kvalifiseringstilbodet og dei ulike moglegheitene innan fag- og yrkesopplæring • samarbeide tett med Nav-kontora og bidra til kompetanseutvikling på fagområdet • bidra i, eller leie, prosessar for å utvikle gode opplæringstiltak som møter behova til Nav sine prioriterte målgrupper og arbeidsmarknaden sine kompetansebehov, til dømes FagVeg • følgje opp og forvalte samarbeidsavtalar, tiltak og opplæringsmodellar • følgje opp og styrkje samarbeidet mellom Nav og fylkeskommunen innan opplæring Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Du må ha
• fullført utdanning på bachelornivå frå høgskule eller universitet, gjerne innan fagområde som opplæring, samfunnsfag, sosialfag, helsefag eller sal/marknadsføring. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet. • kjennskap til fag- og yrkesopplæring og den lokale arbeidsmarknaden • erfaring med samhandling, nettverksbygging og relasjonsbygging • gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg • gode digitale ferdigheiter Det er ein fordel om du har
• erfaring frå utviklings- eller prosjektarbeid • kjennskap til Nav, fylkeskommunen eller andre aktørar innan utdanning og kvalifisering • erfaring med formidling, opplæring eller fasilitering av grupper Kven er du?
- •du trivst med høg aktivitet og samhandling med ulike aktørar
- •du har god relasjonskompetanse
- •du er initiativrik og løysingsorientert, med evne til å tenkje på tvers av etablerte strukturar
Kvifor velje oss?
• ei meiningsfull stilling der du kan gjere ein forskjell i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag • gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter • fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og moglegheit for trening i arbeidstida • stillinga vert plassert i stillingskode 1364, med lønnsspenn frå kr. 694 000 til kr. 745 000 pr år. For særs kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse Les meir om Nav som arbeidsgjevar Kontaktinformasjon Magne Berg, Regionleiar, 99241911, magne.kjetil.berg@nav.no
Bente Senneset Skilbrei, Avdelingsleiar, 95701358, bente.senneset.skilbrei@nav.no
Arbeidssted Hafstadvegen 42
6800 Førde
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Nav