Kvam herad
Leiar for Kvam legevakt
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Norheimsund
- Heltid, Fast, Fast
- Frist 8. november
- Lønn ikke oppgitt
Leiar for Kvam legevakt er ei unik leiarstilling for deg som ønskjer å kombinera strategisk leiing, fagutvikling og akuttmedisinsk kompetanse, samstundes som du deltek aktivt i klinisk arbeid som sjukepleiar. Legevakta i Kvam vert bemanna av fastlegane i kommunen frå kl. 15.30 – 23.00 på kvardagar og 08.00-23.00 i helgar og på høgtidsdagar. Frå 23.00-08.00 (08.30 kvardagar) overtek Voss interkommunale legevakt ansvaret for legevaktsentralen, medan lokal lege fungerar som bakvakt ved akutte hendingar i Kvam.
Legevakta er bemanna med 6 sjukepleiarar i 31,4 % stillingar. Desse arbeidar turnus med vakter kveld og helg.
Me søkjer deg som er tydeleg, trygg og endringsorientert, og som vil bidra til god og effektiv drift, sikra høg fagleg kvalitet på tenestene, skapa eit godt arbeidsmiljø og utvikla medarbeidarane og tenestene vidare.
Som leiar har ein det overordna ansvaret for administrativ og operativ drift av legevakta, fagleg kvalitet i lag med medisinsk rådgjevar, økonomi, personalansvar for sjukepleiarane, og handtering av legevaktsentalen på dagtid. Stillinga inneber òg tett samarbeid med andre avdelingar innan helse og omsorg, ambulansetenesta, fastlegane og andre akuttmedisinske aktørar.
Stillinga er ledig frå november 2026 og er kombinert med både administrative oppgåver og drift/kliniske sjukepleiaroppgåver. Leiar bemannar legevaktsentralen dagtid i vekedagene og legekontora driftar daglegevakta.
Stillinga er i 100 %, og rapporterar til leiar for legetenesta. Arbeidstida er frå 08.30-16.00. Då arbeid på legevakt krev særskild opplæring, må leiar ved ekstraordinære situasjonar òg kunna arbeida kveld og helg.
Arbeidsoppgåver
• Dagleg leiing og drift av legevakta • Personalansvar, inkludert rekruttering, opplæring, utvikling og oppfølging av tilsette • Planlegging og oppfølging av bemanning, turnus og ressursstyring • Budsjett- og økonomioppfølging • Sikre at tenestene vert drivne i samsvar med gjeldande lovverk, forskrifter,nasjonale føringar og kvalitetskrav • Leia og vidareutvikla HMS-, kvalitets- og forbetringsarbeid • Delta som arrangør/fasilitator ved samtrening og kurs • Saksbehandling og oppfølging av avvik, klager og forbetringstiltak • Bidra aktivt til vidareutvikling av legevakttenesta i samarbeid med overordna leiar, kommuneoverlege og andre samarbeidspartar • Sikra god samhandling med interne og eksterne aktørar • Leggja til rette for meistring, medverknad og fagleg utvikling hos medarbeidarane Kvalifikasjonar
- •Autorisert sjukepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning.
- •Minimum 2 års relevant klinisk erfaring, og god fagleg forståing
- •Gjennomført kurs innan akuttmedisin, vald- og overgrepshandtering, nødnett og triage, eller vilje til å ta desse før tiltreding. Dette er obligatoriske kurs for legevaktoperatørar.
- •Erfaring frå legevakt/akuttmedisin er ei føremon
- •Relevant leiarutdanning, eller vilje til å gjennomføra slik utdanning
- •God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, og evne til å kommunisera på engelsk
- •Erfaring som fasilitator/instruktør eller gjennomført fasilitatorkurs vil verta vektlagd
- •God kjennskap til akuttmedisin og den akuttmedisinske kjeda
- •Gode digitale ferdigheiter og evne til å ta i bruk nye system
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter. Personlege eigenskapar
- •Du er en trygg og tydeleg leiar som skaper tillit og engasjement
- •Du er målretta, strukturert og har evne til å videreutvikla tenesta
- •Du er nytenkjande, tillitskapande og har gode samarbeidsevner
- •Du har evne til å prioritera og handla rett i akutte situasjonar
- •Du handterer samtidigheitskonfliktar på ein strukturert måte, og evnar å prioritera når mange omsyn må balanserast samstundes
- •Du har gode kliniske vurderingsevner
- •Du er trygg i kommunikasjon med pasientar, pårørande og innringjarar
- •Du er fleksibel og løysingsorientert noko som er naudsynleg innan akuttmedisin og beredskap
Det vert lagt stor vekt på desse personlege eigenskapane Vi tilbyr
- •Ein arbeidstad i utvikling
- •Trivelege kollegaer i eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø
- •Varierte arbeidsoppgåver
- •Løn etter avtale
- •Gode pensjons- og forsikringsordningar
Generell informasjon
- •Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
- •I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- •Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Kontaktinformasjon Kari Svellingen Nygård, Leiar Kvam legevakt, +47 971 10 289
Arbeidsstad Nedre Norheim 44
5600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Kvam herad