Workfinder

Etne kommune Miljøarbeidstenesta

Er du vår nye vernepleiar eller sjukepleiar?

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Vil du vere med å skape gode dagar for brukarane våre? Vi søkjer ein engasjert vernepleiar eller sjukepleiar til 100% fast stilling i miljøarbeidstenesta. Hos oss står brukaren i fokus, og vi arbeider kvar dag for å skape trygge, individuelle og meiningsfulle tenester. Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø, varierte arbeidsoppgåver og moglegheit til å gjere ein viktig forskjell i menneske sine liv. Arbeidsoppgåver

• Yte praktisk bistand og opplæring til personar med ulike funksjonsnedsettingar og bistandsbehov • Følgje opp brukarane sine mål, behov og vedtak • Bidra til å sikre fagleg forsvarlege tenester og god kvalitet i tenesteytinga • Observere, dokumentere og evaluere tiltak • Samarbeide med pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartnarar • Delta i legemiddelhandtering etter gjeldande rutinar og regelverk • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og fagleg utvikling i tenesta • Vere med på å fremje meistring, sjølvstende og deltaking for brukarane Kvalifikasjonar

• Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk • Gode digitale ferdigheiter • Førarkort klasse B • Erfaring frå arbeid med menneske med funksjonsnedsettingar er ein fordel • Kunnskap om målretta miljøarbeid er ønskjeleg • Erfaring med legemiddelhandtering er ein fordel Eigenskapar

• Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt • Du er sjølvstendig og trygg i eigen fagutøving • Du samarbeider godt med kollegaer og andre samarbeidspartnarar • Du bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø • Du er fleksibel, løysingsorientert og likar varierte arbeidsoppgåver • Du har evne til å byggje gode relasjonar til brukarar, pårørande og kollegaer • Du er fagleg engasjert og oppteken av kvalitet i tenestene • Du set brukaren sine behov i sentrum og arbeider for å fremje meistring og sjølvstende Me tilbyr

• Ei spennande og meiningsfull stilling i eit fagleg engasjert arbeidsmiljø • Varierte arbeidsoppgåver og moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag • Eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige og støttande kollegaer • Moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving • Rettleiing og tverrfagleg samarbeid • Løn etter gjeldande tariffavtale • Gode pensjons- og forsikringsordningar Annan informasjon Hos oss får du arbeide i ein turnus med langvaktordning. Stillinga har 12,5-timars vakter kvar fjerde helg, og det kan også vere aktuelt med langvakter i vekedagane kombinert med dag- og seinvakter. Dette gir gode moglegheiter for samanhengande fritid og tett oppfølging av brukarane. Samstundes inneber stillinga ansvarsvakter og tett samarbeid med brukarar, pårørande og andre faggrupper. Vi søkjer difor ein medarbeidar som trivst med både sjølvstendig arbeid og teamarbeid.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Link til søknadsskjema: Søk her