Helse og omsorg, Tokke kommune
Assistent/miljøarbeider
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Dalen
- Deltid, Vikariat, Vikariat
- Frist 5. november
- Lønn ikke oppgitt
Me søkjer etter 1-2 trygge, omsorgsfulle og ansvarsbevisste assistentar til arbeid i privat heim hjå ein ung person. Stillinga er eit vikariat på 10-20% frå 4. januar 2027-15. september 2027. Tidlegare oppstart er mogleg. Arbeidstida er for tida hovudsakleg på ettermiddag 2 dagar i veka. Stillinga passar både for deg med helsefagleg bakgrunn og for deg som har relevant erfaring eller interesse for omsorgsarbeid.
Arbeidsoppgåver Arbeidsoppgåvene går i hovudsak ut på å bidra til ein trygg og føreseieleg kvardag i heimen. Dette inneber mellom anna:
• Tilsyn og praktisk støtte i kvardagen • Delta i daglege aktivitetar og legge til rette for meistring • Skape ro, tryggleik og struktur Kvalifikasjonar
- •Ynskjeleg med helsefagleg bakgrunn, men ikkje eit krav.
- •Erfaring frå arbeid med barn og ungdom med særskilde behov er ynskjeleg.
- •Vi legg stor vekt på relevant erfaring.
- •Det blir vektlagt at ein er eigna for stillinga.
Personlege eigenskapar
• Er roleg, påliteleg og trygg i møte med andre • Har gode samarbeidsevner, men også kan arbeide sjølvstendig • Er fleksibel og løysingsorientert • Har gjerne erfaring frå omsorgsarbeid, men dette er ikkje eit krav Vi tilbyr
• Ein meiningsfull og trygg arbeidskvardag • God opplæring og oppfølging • Løn etter gjeldande avtale • Arbeidstid kan variere • Stillinga kan tilpassast både deltids- og heiltidsarbeid i samråd med tenestemottakaren Andre opplysningar Tokke kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, livssituasjon, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Vi legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforhold dersom du har behov for det. Den som får stillinga må ha førarkort og bil til disposisjon i arbeidet. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben. Kontaktinformasjon Marit Bråstøyl, Kommunalsjef helse og omsorg, 48220538, marit.haukom.brastoyl@tokke.kommune.no
Arbeidsstad Revahaugvegen 2
3880 Dalen
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Tokke kommune