Medisin sengepost Nordfjord, Helse Førde
Vi søkjer vikarar til sommaren 2027
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Nordfjordeid
- Heltid, Vikariat, Vikariat
- Frist 17. januar
- Lønn ikke oppgitt
Medisinsk sengepost ved Nordfjord sjukehus søkjer ferievikarar sommaren 2027. Vi har behov for sjukepleiararstudentar, helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar, medisinstudentar og assistentar med erfaring i perioden 15.06.2027 - 22.08.2027. Sengeposten er ein heildøgns sengepost med totalt 16 senger, inkludert 3 observasjonssenger. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord og tek imot det meste av den augeblikkelege hjelpa frå regionen. Her får du jobbe med mange forskjellige diagnosar innafor indremedisin, og kan opparbeide deg verdifull erfaring i eit variert og lærerikt fagmiljø. Oppgi i søknaden kva periode du kan arbeide og ønskja stillingsprosent. Opplæring kan med fordel starte tidligare.
Arbeidsoppgåver
• Observasjon og måling av vitale parameter • Ivareta pasientane sine grunnleggande behov knytt til pleie, omsorg og aktivitet • Mottak av pasientar og kartlegging av hjelpebehov • Dokumentasjon i elektronisk pasientjournal (DIPS/MEONA) • Samarbeid med andre faggrupper på sengeposten • Oppfølging av daglege rutiner i sengeposten • Todelt turnus (dag/kveld) for helsefagarbeidar og studentar Kvalifikasjonar
• Norsk autorisasjon helsefagarbeidar/hjelpepleiar • Sjukepleiarstudent • Medisinstudent • Assistent med erfaring fra sjukeheim/sjukehus • Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar
• Du har motivasjon og er interessert i å bidra til at pasientane får ei best mogeleg oppfølging under innlegginga • Du kommuniserer godt med pasientar og pårørande • Du samarbeider godt med kollegaer og samarbeidspartnarar • Du er god til å sjå kva som skal gjerast, og tilbyr og mottar hjelp • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø • Du trivast i eit aktivt og travelt miljø • Du er fleksibel og engasjert Vi tilbyr
- •Ein spennande og utfordrande jobb
- •Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- •Gode pensjons- og forsikringsordningar
- •Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
#sommarjobb #sommarjobbnordfjord #Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Kontaktinformasjon Maria Charlotta Berg Langvik, Seksjonsleiar, (+47) 416 48 264
Arbeidssted Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde