Vaksdal kommune
Fagleiar ved Dreisen Vaksdal KF
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Dalekvam
- Deltid, Fast, Fast
- Frist 20. november
- Lønn ikke oppgitt
Om stillinga Dreisen Vaksdal KF er ein arbeidsinkluderingsbedrift og tiltaksarrangør med tilrettelagde arbeidsplassar for personar som treng støtte for å koma i arbeid eller aktivitet. Føretaket har i dag 10 tiltaksplassar, og tilbyr arbeidsoppgåver innan ulike fagområde. Målet vårt er å skapa meistring, utvikling og arbeidsglede gjennom tilpassa opplæring og tett oppfølging. Vi er ein sentral samfunnsaktør i Vaksdal kommune, og arbeider etter verdiane våre: Meistring, utvikling og vekst. Drifta er sertifisert etter kvalitetsstandarden ISO 9001:2015, og vi er stolte av å levera tenester med høg fagleg kvalitet. Les meir om oss på www.dreisen.no Dreisen søker no etter ny fagansvarlig for tilrettelagt arbeid med ansvar for å sikre arbeidsinkluderingsfaget. Du får operativt ansvar for inntak, kartlegging, oppfølging og veiledning av arbeidsveiledarar. Du må trivast med å kombinere fagleg arbeid med praktisk arbeid ute i arbeidskvardagen.
Arbeidsoppgåver
- •Følgje opp kravspesifikasjonen frå Nav og rapportere på tiltak og faglege resultat.
- •Lage opplæringsplanar for arbeidsområda.
- •Sikre fagleg kvalitet frå inntak og kartlegging til oppfølging og utvikling, og leggje til rette for hospitering.
- •Gje fagstøtte til arbeidsrettleiarane.
- •Ha rettleiaransvar for arbeidstakarar i tilrettelagt arbeid, inkludert medarbeidarsamtalar og kvalifiseringsplanar.
- •Gjennomføre kartleggingar, brukarundersøkingar og karriererettleiing.
- •Delta i praktisk arbeid og produksjon inne og ute, tilpasse oppgåver, rettleie og gje opplæring, og vere ein god rollemodell.
- •Utvikle arbeidsstasjonane og bidra til tilrettelagde oppgåver innan næringar med tilknyting til lokalsamfunnet.
- •Delta i samarbeidsfora med dagleg leiar og kvalitetsansvarleg om strategi og utvikling av kvalitetsarbeidet.
Kvalifikasjonskrav
- •Relevant treårig høgare utdanning blir prioritert. Lang, relevant erfaring kan kompensere og bli vurdert.
- •Ønskeleg med erfaring innan rettleiing, oppfølging, rapportering og kartlegging.
- •Ønskeleg med erfaring med menneske som treng tilrettelegging.
- •Kjennskap til VTA, arbeidsinkludering eller Nav-relaterte tiltak er ein fordel.
- •Grunnleggjande digital kompetanse.
- •Førarkort klasse B.
- •Godkjend politiattest.
Personlege eigenskapar
- •Interesse for å bidra innan vedproduksjon, plenklipping og catering.
- •Strukturert og fleksibel.
- •God formidlingsevne og evne til å skape engasjement.
- •Bidreg til samarbeid, utvikling og eit inkluderande arbeidsmiljø.
Dreisen KF kan tilby
- •Faglege og personlege utviklingsmoglegheiter i eit inkluderande og inspirerande arbeidsmiljø
- •Moglegheit til å påverke og ta del i ei spanande vidareutvikling av føretaket
- •Eit meiningsfullt arbeid med samfunnsnyttige oppgåver
- •Gode pensjons- og forsikringsordningar
- •Løn etter avtale