Workfinder

Ål kommune Miljøterapitenesta

Er du flink til å beygge relasjonar og spreie livsglede rundt deg?

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Me behov for å styrke tenesta med fleire dyktige vernepleiarar / miljøterapeutar i vår avdeling. Me søkjer deg som ynskjer å arbeide med tilrettelagte heimetenester til personar med ulike funksjonsvariasjonar, Dette omfattar heildøgns tenester, avlastningstiltak, dagtilbod, praktisk bistand, opplæring og støtte til pårørande. Med ny særavtale ( SFS 2310) på plass jobbar me no med nye alternative turnusordningar med frivillige langvakter inntil 15 timar. Avdeling 1 har ledig stilling som

• vernepleiar / miljøterapeut inntil 100 % som vernepleiar / sjukepleiar eller mijøterapeut med 3- årig helse- sosialutdanning. Kven er du? Du er ein trygg, roleg og engasjert fagperson med gode evne til å møte menneske med respekt, varme og struktur. Du må være engasjert og ha evne til å stå stødig i krevjande situasjonar og bidra til ro og tryggleik. Du ser moglegheiter der andre ser utfordringar og kan reflektera etisk og fagleg. Du kan jobbe sjølvstendig, men også i eit samarbeid brukar, pårørande og kollegaer. Me ser etter deg som har hjartet på rett stad og ønskjer å gjere ein forskjell. Hjå oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du:

• har fagleg ansvar • gir heilskapleg og individuell oppfølging til menneske i alderen 5–75 år. • blir ein viktig del av eit fagleg sterkt og engasjert team. • arbeider med målretta miljøarbeid og livsmeistring i fokus. • bidreg til brukarmedverknad, livsglede og utvikling. • tek del i tverrfagleg samarbeid med skule, barnehage, PPT, KE og andre instansar. • samarbeidar med pårørande. • har ansvar for medisinar, handterer legemiddel og held oversikt over dokumentasjon og rutinar. • rapporterer i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk og aktivt bidra til å sikre individuelle, faglege og etisk forsvarlege tenester. • er ein aktiv pådrivar for å skape godt fagmiljø og samarbeid mellom faggrupper, samt rettleie studentar, elevar og medarbeidarar. Me søkjer deg som

• har norsk autorisasjon som vernepleiar / sjukepleiar eller 3-årige helse og sosialfaglege utdanningar på bachernivå og andre pedagogiske utdanningar og relevant arbeidserfaring kan vurderast • kjennskap til og gjerne kompetanse i å utforme og gjennomføre vedtak etter kapitel 9 jf. Helse- og omsorgslova • meistrar norsk godt – både munnleg og skriftleg (minimum nivå B2). • har førarkort klasse B. • har evne og vilje til å vere i fysisk aktivitet • har god forståing for tryggleik, struktur og omsorg • har erfaring med arbeid innan habilitering og miljøarbeid • er framtidsretta i bruk av digitale verktøy og trygg på dokumentasjonssystem. • ønskjer å vere ein aktiv bidragsytar til kunnskapsbasert praksis og bidra til utvikling av arbeidsplassen din • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og evne til å skape tillit • har evne til å ta imot rettleiing Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Me tilbyr

• ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange • spennande, varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver. • trygge og dyktige kollegaer som løftar kvarandre. • variert og ulike typer vakt lengder og turnuser. • moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyre • moglegheit for fagleg utvikling gjennom kurs, vidareutdanning og rettleiing. • rabattert treningssenter – ta vare på deg sjølv, også! • løn etter tariff og gode pensjonsordningar gjennom KLP. • rekrutterings- og behaldingstillegg for vernepleiarar i turnus. Søknad og politiattest

• Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden. • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar. • Intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden. • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista. Flytte til Ål? Drøymer du om å flytte til ei vakker fjellbygd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål! Flytt til Ål! - Ål kommune Vil du bli ein del av laget vårt? Då håper vi du sender inn ein søknad! Har du spørsmål, ikkje nøl med å ta kontakt. Vi gler oss til å høyre frå deg – velkomen som søkjar!

Link til søknadsskjema: Søk her