Workfinder

Opplæring i bedrift, Møre og Romsdal fylkeskommune

Spesialkonsulent opplæring i bedrift

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Vil du ha ei viktig rolle i arbeidet med å dokumentere kompetansen til framtidas fagarbeidarar? Vi søker ein vikar til laget vårt på opplæring i bedrift. Hos oss får du ei viktig administrativ rolle der du er med på å sikre at ungdom og vaksne får dokumentasjonen dei har krav på etter fullført fagopplæring. Du blir ein del av eit fagmiljø med meiningsfulle oppgåver og eit viktig samfunnsoppdrag.

Arbeidsoppgåver I hovedsak vil dine oppgåver vere knytt til administrativ behandling og utferding av dokumentasjon etter gjennomført fagopplæring. Du vil blant anna jobbe med:

• saksbehandle protokollar etter fagprøve • produsere vitnemål og kompetansebevis • bestille trykking av fagbrev • registreringar i høve godkjenning av nye lærebedrifter • registreringar i høve søknad til læreplass Andre oppgåver kan bli tillagt avhenging av kvalifikasjonar og behov

Kvalifikasjonar Vi ser etter deg som har:

• relevant utdanning på bachelornivå. Relevant erfaring og realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet, men du vil da få tittelen konsulent. • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • god digital kompetanse og evne til å sette deg inn i nye system Det er ein fordel om du også har:

• kjennskap til skoleadministrative system, som Vigo og Visma InSchool • kjennskap til vidaregåande opplæring, særleg fagopplæring • erfaring med saksbehandling i offentleg forvaltning Personlege eigenskapar For å trivast og lykkast i stillinga trur vi at du:

• er strukturert og nøyaktig i arbeidet ditt • trivst med administrative oppgåver og rutinearbeid • klarer å arbeide effektivt, også når det er fleire saker som skal behandlast • liker å samarbeide med andre og er imøtekommande Vi tilbyr Opplæring i bedrift har det overordna administrative ansvaret for alle lærlinger, lærebedrifter og prøvenemnder, og alt som høyrer inn under desse områda. Du får arbeide saman med våre engasjerte kollegaer i eit sterkt fagmiljø med rom for nytenking. Du kan i stor grad planlegge eigen arbeidskvardag, og vi gir deg moglegheit for kompetanseutvikling.

Som ein del av oss får du offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår gjennom medlemskap i KLP, og løn etter avtale. Eit vikariat fram til 31. januar 2028, med moglegheit for forlenging. Kontorstad i Molde

Kontaktinformasjon Målfrid Nesje, Seksjonsleiar opplæring i bedrift , 90640200, malfrid.nesje@mrfylke.no

Hilde Aspås, Næringssjef, 97715135, hilde.aspaas@mrfylke.no

Arbeidsstad Julsundvegen 9

6412 Molde

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5182353289

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 15.11.2026