Workfinder

Psykosepost Valen sjukehus

Helsefagarbeidar natt

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Vil du vere med og gi omsorg og behandling til pasientar med psykoseproblematikk?

Psykoseposten ved Valen sjukehus er ein viktig del av Klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna, der vi tilbyr spesialisert behandling i trygge og omsorgsfulle omgjevnader. Med plass til opptil 9 pasientar, legg vi stor vekt på kvalitet og individuell tilpassing av behandlinga.

Hos oss tek vi imot planlagde innleggingar basert på søknad, og vi jobbar målretta for å støtte pasientane på vegen mot eit betre liv.

Er du klar til å bli ein del av vårt dedikerte team og gjere ein forskjell? Vi ser fram til å høyre frå deg!

Kva går jobben ut på?

• Natt-teneste på døgnpost. • Gi pasienten medisinsk og miljøterapeutisk behandling som er naudsynt for å oppfylle dei krav som er sett for kvar einskild pasient. • Vere med i beredskap på natt og bistå andre postar ved behov. Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

• Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar. • Det er ønskjeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri. • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg Hos oss er det viktig at du:

• er robust, tilpasningsdyktig og handterer krevjande situasjonar med ro og fagleg tryggleik • samarbeider godt, kommuniserer tydeleg og trivst i tverrfaglege team • er initiativrik, engasjert og møter pasientar med respekt • bidreg til eit godt arbeidsmiljø • etterspør rettleiing når det er behov for det • er lojal i forhold til avgjerder For å oppretthalde samansetninga i personalgruppa vert menn oppmoda om å søkje Vi tilbyr

• Triveleg arbeidsmiljø. • Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing. • Gode pensjons- og forsikringsordningar. • Vi tilbyr bedriftsavtale med treningssenter og tilgang til trimrom på sjukehuset. • Kvinnherad kommune har rimelege barnehageplassar og gratis SFO. Kontaktinformasjon Britt Mari Ludvigsen, Funksjonsleder , +47 53466473

Arbeidsstad Sjukehusvegen 26

5451 VALEN

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5198975193

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.02.2027

Søknadsfrist: 16.11.2026