Workfinder

Osterøy kommune

100% faste stillingar som helsefagarbeidar i Heimetenesta avd. Hauge omsorgsbustad

LonevågHeltid, Fast, Fast

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Om stillinga Me har ledig to faste 100% stillingar som helsefagarbeidar ved Hauge omsorgsbustad frå 01.12.26 og 01.01.27 eller etter avtale. Det er også ledig helsefagarbeidarstilling kvar 4. helg på 24,30% med langvakter på 14. timar laurdag og sundag, kortvakt fredag frå 01.12.2027 eller etter avtale. Heimetenesta yter tenester til heimebuande i alle aldre som har rett til helsehjelp. Helsefagarbeidarar har eit fagleg ansvar på vakt. Dette inneber faglege vurderingar, utføring av helsefaglege prosedyrar og rettleiing/oppfølging av medarbeidarar og brukarar. Osterøy kommune har 6 månaders prøvetid for nytilsette.

Intervju vil bli gjennomført fredag 23.10.

Arbeidsoppgåver • Utføre pleie og omsorg til heimebuande brukarar/pasientar i henhold til vedtak • Ha oversikt over brukarar, og prioritere arbeidsoppgåver frå eit heilhetssyn og bemanning • Legemiddelhandtering • Primærkontaktansvar • Medansvarleg for kvalitetssikring og dokumentasjon av tenesta • Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling • Samarbeide med interne og eksterne samarbeidspartnarar • Veiledning av elevar og lærlingar i avdelinga • Bidra til eit positivt arbeidsmiljø

Vi tilbyr • God opplæring • Eit godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling • Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver • Løn etter tariff • Gode pensjonsvillkår • Ei av Noregs vakraste øyer som arbeidsstad

Kvalifikasjonskrav • Krav om autorisasjon som helsefagarbeidar • Krav om å beherske vanleg IKT verktøy • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk. • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde • Stillinga krev at De legg fram gyldig politiattest som ikkje er eldre enn 3 md ved oppstart i stilling

Kven er du? • Du er strukturert og har god gjennomføringsevne • Du er engasjert og likar å samarbeida med andre • Du har stå på vilje med glimt i augo • Du er løysingsorientert og ikkje redd for å ta i eit tak • Du har digital forståing

Offentleg tenestepensjon I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!