Workfinder

Frøyland skule, Time kommune

Barne- og ungdomsarbeidar

KvernalandDeltid, Vikariat, VikariatFrist 15. oktober

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Vil du vera med på å gje ungane på Frøyland skule og SFO ein kjekk og trygg kvardag? Me har ledig eit 80% vikariat for skuleåret 2026-2027, med moglegheit for forlenging. Stillinga er 40% i skule og 40% i SFO. På Frøyland skule og SFO er me 370 elevar og 55 vaksne. Me er ein barneskule med elevar på 1.-7.trinn. Det er 2-4 parallellar på kvart trinn, og SFO er organisert i 2 basar. Me er opptatt av at ungane våre skal ha det kjekt når dei er på skulen og i SFO. Dei skal oppleve meistring både fagleg og sosialt. Me ser etter ein trygg, varm og leiken vaksen som likar å jobbe med ungar. Evna til å skape gode relasjonar til ungane er ein sentral ferdigheit i stillinga. Kvalifikasjonar me ønsker er fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Anna relevant kompetanse vil og bli vudert. Me legg vekt på personlege eigenskapar i vurderinga av kandidatane.

Arbeidsoppgåver

• Omsorg, støtte og retteliing av elevar i skule og SFO. • Personleg assistanse for elevgrupper og enkeltelevar i skulen. • Organisering av leik og aktivitet i SFO. • Støtte til enkeltelevar i SFO • Vakt i friminutt og matpauser. • Samarbeid med andre tilsette i skule og SFO. Kvalifikasjonar Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller anna relevant fagbrev og utdanning. Personlege eigenskapar og erfaring i arbeid med barn- og unge vil bli vektlagt.

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir). Personlege eigenskapar

• Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg • Du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen Me tilbyr

• Gode pensjonsordningar • Løn etter tariff • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til. Kontaktinformasjon Olaug Iren Lode, SFO-leiar , 92259299, olaug.iren.lode@time.kommune.no

Karen Helene Seppola, Rektor, 47234604, karen.helene.seppola@time.kommune.no

Arbeidsstad Kråvegen 2

4355 Kvernaland

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5187660747

Stillingsprosent: 80%

Vikar

Sluttdato: 30.06.2027

Søknadsfrist: 15.10.2026