Workfinder

Fjone barnehage, Nissedal kommune

Fagarbeider

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Vil du vere med og byggje verdas beste oppvekstbygd? Fjone barnehage har ledig 100 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 04.01.2026 - 10.10.2027. I Nissedal kommune arbeider vi for at alle barn skal oppleve ein trygg, inkluderande og hjernevenleg oppvekst. Gjennom satsinga vår på «Verdas beste oppvekstbygd» ønskjer vi å skape gode arenaer for leik, læring, meistring og livsglede for alle barn og unge.

Vi søkjer ein engasjert og omsorgsfull medarbeidar som vil vere med på å gi barna ein trygg og utviklande kvardag, og som ser verdien av å byggje gode relasjonar til både barn, føresette og kollegaer.

Arbeidsoppgåver

• Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna. • Leggje til rette for leik, utforsking, læring og meistring. • Bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande barnehagemiljø. • Støtte barna si sosiale, emosjonelle og språklege utvikling. • Vere ein tydeleg og trygg vaksen som byggjer gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer. • Vere med på å planleggje, gjennomføre og evaluere det pedagogiske arbeidet i samarbeid med resten av personalgruppa. • Delta i fagleg utviklingsarbeid og bidra til å realisere måla i barnehagen sine lokale og overordna planverk og styringsdokument. Kvalifikasjonar

• Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskjeleg. Kandidatar med andre relevante fagbrev og/eller relevant erfaring frå arbeid med barn og unge kan bli vurderte. • Førarkort klasse B • Du kan kommunisere godt munnleg på norsk. Politiattest må leggast fram før tiltreding. Personlege eigenskapar Vi søkjer deg som:

• Har lyst til å vere ein aktiv og tilstadesverande vaksen saman med barna i leik og kvardagsaktivitetar. • Ønskjer å byggje gode relasjonar og møte barn, føresette og kollegaer med varme og respekt. • Samarbeider godt med andre og bidreg til eit godt arbeidsmiljø. • Vil vere med og skape eit inkluderande fellesskap der alle barn opplever meistring og tilhøyrsle. Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, stabilitet og nærvær på arbeidsplassen. Vi tilbyr

• Eit inkluderande arbeidsmiljø som legg vekt på å spille kvarandre gode • Dyktige og engasjerte kollegaer med lang erfaring og glimt i auga. • Meiningsfylte arbeidsoppgåver med barnet sitt beste i fokus. • Ein liten barnehage med store muligheter. • Moglegheit til å vere med på spanande utviklingsarbeid knytt opp til kommunen si satsing på hjernevenleg oppvekst. • Tilgang til relevant digital kompetanseheving gjennom kommunen sin kursportal "MerKompetanse." • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk. Nissedal kommune nyttar nynorsk som skriftspråk, og tilsette i kommunen pliktar å sette seg inn i kva det vil sei å vere ein nynorsk kommune. Kontaktinformasjon Maria Moland, Styrar Fjone barnehage, 46 85 30 91, maria.moland@nissedal.kommune.no

Arbeidsstad Fjonevegen 2238

3855 Fjone

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Nissedal kommune

Referansenr.: 5194256401

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 04.01.2027

Sluttdato: 01.10.2027

Søknadsfrist: 29.10.2026