Time kommune, Digitalisering og informasjonsforvaltning
Digitaliseringsrådgjevar Helse og velferd
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Bryne
- Heltid, Fast, Fast
- Frist 8. november
- Lønn ikke oppgitt
Vil du gjera teknologi om til betre tenester og ein enklare arbeidskvardag? Time kommune søkjer ein digitaliseringsrådgjevar som vil arbeida i skjeringspunktet mellom menneske, arbeidsprosessar og teknologi. Hos oss får du vera med og utvikla helse- og velferdstenestene, forenkla arbeidsprosessar og sørgja for at digitale løysingar gir reell verdi for innbyggarar og tilsette. Helse- og velferdstenestene står framfor store endringar. Fleire eldre, større tenestebehov og færre i arbeidsfør alder gjer at me må arbeida smartare. Digitalisering handlar derfor ikkje berre om nye system, men om å skapa tryggare tenester, betre flyt og meir tid til dei oppgåvene som krev menneskeleg kompetanse. I denne rolla får du eit særleg ansvar for å knyta saman behova i tenestene med moglegheitene i teknologien. Du skal bidra til god systemforvalting, utvikling av arbeidsprosessar, opplæring og gevinstrealisering. Time kommune skal innføra ny elektronisk pasientjournal i 2027. Du vil få ei sentral rolle i innføringa, og i det vidare utviklingsarbeidet. Stillinga er organisatorisk plassert i avdelinga Digitalisering og dokumentforvaltning og arbeider tett med leiinga, fagmiljøa og fagutviklarane i Helse og velferd. Du vil òg samarbeida med leverandørar og faglege nettverk, mellom anna gjennom DigiJæren og DigiRogaland.
Arbeidsoppgåver
• Driva digitalisering og tenesteutvikling innan helse og velferd gjennom prosjektleiing, endringsarbeid og tett samarbeid med leiarar og fagmiljø. • Ha systemansvar for sentrale fagsystem og digitale løysingar, og sørgja for god drift, forvalting og vidareutvikling i samarbeid med brukarar, leverandørar og andre fagmiljø. • Ha ei sentral rolle i innføringa av ny elektronisk pasientjournal og andre e-helseløysingar. • Kartleggja arbeidsprosessar, identifisera flaskehalsar og bidra til forenkling og automatisering gjennom integrasjonar og smart bruk av teknologi. • Planleggja og gjennomføra opplæring, rådgiving og støtte til leiarar, tilsette og superbrukarar. • Følgja opp bruk, gevinstar og forbetringsbehov slik at kommunen utnyttar systema og løysingane best mogleg. • Bidra i anskaffingar, kontraktsoppfølging, samarbeid med leverandørar, og delta/leia implementering av løysingar innan e-helse. • Sørgja for at digitale løysingar blir forvalta i tråd med krav til informasjonstryggleik, personvern og forsvarleg handsaming av kommunen sine data. • Representera Time kommune i relevante faglege samarbeid og nettverk, mellom anna DigiJæren og DigiRogaland. Kvalifikasjonar
• Relevant høgare utdanning innan helse- og sosialfag, fortrinnsvis med videreutdanning innen e-helse, helseinformatikk, tenesteutvilkling, digitalisering eller tilsvarende. Lang og særleg relevant erfaring kan kompensera for delar av utdanningskravet.
• Erfaring med prosjektleiing, endringsarbeid eller utvikling av arbeidsprosessar. God fagleg innsikt og erfaring med e-helse eller velferdsteknologi er ein fordel • God digital forståing og evne til å sjå samanhengen mellom behov, arbeidsprosessar, teknologi og organisering. • Erfaring med systemforvalting, Mobile Device Management (MDM) løysningar, digitale fagsystem eller innføring av nye løysingar. • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Det er ein fordel om du har
- •Kjennskap til kommunale helse- og velferdstenester, elektronisk pasientjournal, samhandlingsløysingar eller velferdsteknologi
- •Erfaring med gevinstrealisering, anskaffingar eller kontraktsoppfølging
- •Kompetanse innan informasjonstryggleik og personvern
- •Erfaring med opplæring, rettleiing eller kompetansebygging
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir). Personlege eigenskapar
• Du er nysgjerrig, lærevillig og held deg fagleg oppdatert. • Du er strukturert, sjølvstendig og har god gjennomføringsevne. • Du byggjer gode relasjonar og samarbeider godt med leiarar, fagpersonar, tekniske miljø og leverandørar. • Du kommuniserer tydeleg og gjer komplekse problemstillingar forståelege. • Du ser heilskapen, utfordrar etablerte arbeidsmåtar på ein konstruktiv måte og omset idear til praktiske resultat. • Du forstår at endring handlar like mykje om menneske og arbeidskultur som om teknologi. Me tilbyr
• Ei sentral rolle i utviklinga av framtidas helse- og velferdstenester i Time kommune. • Moglegheit til å påverka korleis kommunen arbeider med digitalisering, e-helse og tenesteutvikling. • Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med tett samarbeid mellom digitalisering, leiing og fagmiljø. • Faglege nettverk og samarbeid på tvers av kommunegrensene gjennom DigiJæren og DigiRogaland. • Ein variert arbeidskvardag med både strategiske og operative oppgåver. • Lønn etter avtale. • Gode pensjons- og forsikringsordningar. • Kunstforening. Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
Kontaktinformasjon Amund Junge, Leder, 40237056, amund.junge@time.kommune.no
Arbeidsstad Arne Garborgs veg 32
4344 BRYNE
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Time kommune