Øystre Slidre kommune
Nattevakt på Helsetunet
Det er ledig 51,29% stilling som nattevakt ved Helsetunet i Øystre Slidre kommune frå 01.12.2026. Søkjarar kan òg bli vurderte for andre stillingar som vert ledige.
Vil du vere ein del av laget vårt? Vi held til i nye og moderne lokale, der institusjon, omsorgsbustader og heimeteneste held til i same bygg. Lokala ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområde. Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre.
Arbeidsoppgåver • Gje tenester til brukarar etter enkeltvedtak og etter gjeldande styringsdokument • Varierte arbeidsoppgåver som består av å gje helsehjelp og kvardagsmestring • Dokumentasjon i henhald til gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer • Samarbeid og tverrfagleg med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg Kvalifikasjonar • Det er krav om fagbrev og autorisasjon som helsefagarbeidar • Gode norskkunnskapar • Sertifikat i klasse B • Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgstenesteloven §5-4
Personlege eigenskapar • Positiv, sjølvstendig og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Fleksibel, tydeleg og løysningsorientert • Engasjert og tek initiativ til forbedringsprosessar • Gode haldninger til brukarar og ser verdien av nytekning innan kvardagsmestring og velferdsteknologi
Personleg eignaheit vil bli vektlagt Vi tilbyr • Turnus med kvar 3. helg • Nødvendig opplæring og rettleiing • Kompetanseheving • Opplæring i fagsystem • Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP Kontaktinformasjon Ingrid Nordli, Tenesteleiar institusjonstenester, +47 95940309
Arbeidsstad Bygdinvegen 1989
2940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune
