Helse, omsorg og velferd Fjord kommune
Sjukepleie- eller vernepleiestudent?
Sjukepleiestudent eller vernepleiestudent? Vil du ha ein relevant og meiningsfull jobb ved sidan av studia? Hos oss får du fagleg utvikling, ansvar og verdifull erfaring i møte med menneske med psykiske helseutfordringar. Du blir ein del av eit fagmiljø med tett oppfølging, tillit og varierte arbeidsdagar – der du får høve til å gjere ein forskjell.
Arbeidsoppgåver • Yte målretta og individuelt tilpassa tenester i tråd med vedtak, planar og gjeldande rutinar. • Arbeide sjølvstendig og ha ansvar for å følgje opp struktur, aktivitetar og daglege gjeremål. • Motivere, rettleie og bistå bebuar med praktiske oppgåver, eigenomsorg og hushald. • Bidra til stabilitet, god døgnrytme og livskvalitet. • Arbeide aktivt med relasjon, kommunikasjon og målretta miljøarbeid. • Vere tydeleg og trygg i grensesetting. Observere, dokumentere og rapportere i tråd med gjeldande rutinar. Kvalifikasjonar • Sjukepleie- eller vernepleiestudent. • Beherske godt norsk, både skriftleg og munnleg. • Politiattest av ny dato må leggjast fram før tiltreding. Ønskeleg med:
• Erfaring innan målretta miljøarbeid. • Erfaring frå psykisk helsearbeid eller liknande tenester. • Førarkort klasse B. Personlege eigenskapar • Er omsorgsfull, stabil og påliteleg. • Kan arbeide sjølvstendig, strukturert og ansvarsfullt. • Er trygg og tydeleg i møte med krevjande situasjonar. • Er fleksibel, løysingsorientert og serviceinnstilt. • Har gode evner til relasjonsbygging og profesjonell grensesetting. • Forutan faglege kvalifikasjonar vert personlege eigenskapar vektlagt • Vi søkjer ein omsorgsfull, stabil og påliteleg medarbeidar • Du må samarbeide godt og ha evne til å arbeide sjølvstendig. • Er serviceinnstilt Vi tilbyr • Ein arbeidskvardag der ingen dagar er like, med mykje aktivitet og engasjement. • Moglegheiter for utviklande og spanande arbeidsoppgåver der du følgjer brukarane våre over tid. • Tilsetting på vilkår for kommunalt tilsette. • Pensjonsordning med 2% medlemsinnskot i KLP. Kontaktinformasjon Sindre Søvik Erstad, Kommunalsjef Helse, Omsorg og Velferd, +47 95855960
Arbeidsstad Simamarka 46
6250 Stordal
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd Fjord kommune
