Workfinder

Leirvik AS

Salgs- og marknadsansvarleg - Infrastruktur

StordHeltid, Fast, FastFrist 31. oktober

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Leirvik AS utviklar løysingar for bruk av aluminium i berande brukonstruksjonar og anna infrastruktur. I 2025 leverte vi Hangarbrua, ei 55m lang nettverksbogebru i aluminium til Statens Vegvesen. I sommar opna Marinebroen i Bergen, også den prosjektert og bygd av Leirvik AS. Me har gjennom fleire studiar og forprosjekt vist at aluminium er eit godt eigna materiale i alt frå korte gang- og sykkelbruer til lange køyrebruer. Leirvik AS har i lang tid levert store aluminiumskonstruksjonar til offshoreindustrien, og denne unike kompetansen og lange erfaringa vil me vidareføre til nye marknader. Me søkjer difor etter deg som kan vera med å utvikla Leirvik AS til å bli ein viktig aktør innan brukonstruksjonar og anna infrastruktur i aluminium. Arbeidsstad: Stord, men anna lokasjon kan vurderast ved rette kandidat.

Arbeidsoppgåver

• Kundekontakt og oppfølging av eksisterande og nye kundar • Identifisere prosjekt/produkt/leveransemodellar, og delta i utviklinga av desse • Marknadsføre Leirvik AS som leverandør av aluminiumskonstruksjonar • Bidra i strategiarbeid og utvikling av Leirvik AS si satsing innan infrastruktur Ønska kvalifikasjonar

• Relevant erfaring frå entreprenør- eller prosjekteringsselskap • God kjennskap til produkt, marknad og gjennomføring av prosjekt • God teknisk og praktisk forståing • Utdanning frå høgskule/universitet (erfaring kan kompensera for manglande utdanning) • Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner på norsk og engelsk Personlege eigenskapar

• Positiv, proaktiv og ein sterk relasjonsbyggjar • God kommunikator og lagspelar • Kommersiell og strategisk tilnærming • Interesse for utviklingsarbeid og for å finna nye moglegheiter Vi tilbyr

• Utviklande og spanande arbeidsoppgåver • Eit triveleg og støttande arbeidsmiljø • Gode velferds- og pensjonsordningar • Gode moglegheiter for fagleg utvikling • Konkurransedyktige vilkår Kontaktinformasjon Geir Mosaker, VP Infrastructure, +47 40041685

Stine Halleraker Westerheim, Senior HR-rådgivar, 93484910

Arbeidssted Storhaugvegen 130

5416 Stord

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Leirvik AS

Referansenr.: 5184328864

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 31.10.2026