OSLAND SETTEFISK AS
Arbeide med topp moderne teknisk utstyr omgitt av Noregs vakraste natur?
Lagt ut for 56 dager siden, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Bjordal
- Heltid, Fast, Fast
- Lønn ikke oppgitt
I Høyanger kommune på sørsida av Sognefjorden finn du den vakre bygda Bjordal. Ei hjørnesteinsbedrift i Bjordal er Osland-konsernet. Omgitt av vakker natur med gode moglegheiter for jakt og fiske finner du ei topp moderne og lokaleigd bedrift, Osland Settfisk.
Vi søkjer nå ein teknikar i ei nyoppretta stilling.
Som teknikar er du med i gjengen (fagbrev innan biologi, elektro, automatikk) som driftar dette og følgjer opp utstyr som gjer at vi får fisken fra rogn til stor-smolt. Spennande arbeidskvardag med moderne teknologi og nye anlegg. Du jobbar med både teknisk vedlikehald og nye prosjekt i eit høgteknologisk og målretta utviklingsarbeid for å sikre eit minimalt fotavtrykk. Den lange erfaringa vår, kompetanse, handtering og fasilitetar sikrer at rogna som vert levert er den beste i rasen. Utviklinga av teknologien vår er ein kontinuerleg innsats, driven av ambisjonen om å setje standarden for kvalitet i bransjen.
Arbeidsoppgåvene vil vere
- •Drift og oppfølgjing av RAS anlegg
- •Dagleg vedlikehald/reinhald av utstyr
- •Teknisk tilsyn
- •Journalføring og rapportering
- •Delta i utbyggingsprosjekt
Vår nye teknikar må ha fagbrev innan relevante fag (elektro/automasjon/mekanisk/røyrleggjar) og ha god teknisk og gjerne biologisk forståing. Søkjarar med erfaring frå andre bransjar enn vår vert oppmoda om å søkje. Det er nødvendig med forståing for prosess (sensorar, elektriske motorar/pumper). Du må kunne arbeide både sjølvstendig og i team og beherske norsk som arbeidsspråk munnleg og skriftleg. Vi har ikkje turnusordning og ønskjer busetjing i eller nær Bjordal evt. vekependling.
Osland Settefisk tilbyr
- •Ein interessant jobb og godt arbeidsmiljø
- •Moderne anlegg og utstyr
- •Utfordrande arbeidsoppgåver
- •Gode faglege utviklingsmoglegheiter
- •Sikker arbeidsplass i framtidsretta bransje
- •Konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar
- •Ein jobb der du slepp å tenke på sal, kundar og fakturering
- •Arbeidsgjevar vil kunne vere behjelpeleg med å skaffe eigna bustad
Gode livsvilkår for barn og voksne med barnehage, skole, gode tilbud på fritidsaktiviteter/idrettslag og ei bygd med eit godt bomiljø.