Workfinder

Statens vegvesen

Samhandlingsrådgivar (prosessleiar/coach)

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Om stillinga Vi søkjer ein engasjert og kompetent rådgivar i rolla som prosessleiar. Du brenn for å utvikle gode samarbeidsarenaer, styrkje relasjonar og bidra til effektive og velfungerande prosjektorganisasjonar. Rolla inneber arbeid tett på både byggherre og entreprenør, og du blir ein viktig bidragsytar for å førebyggje konfliktar og sikre gode prosessar i komplekse prosjekt. Du vil få høve til å komme tett på nokre av dei største vegprosjekta våre i heile landet. Det er derfor viktig at du vil trivast med ein del reiseverksemd og at uventa behov kan oppstå. Til gjengjeld får du mykje fleksibilitet, tillit og høve til å tilpasse kvardagen din. Som samhandlingsrådgivar og prosessleiar vil du bli ein del av avdeling Kontrakt og marknad hos Utbyggingsdivisjonen. Arbeidsted for stillinga er kontorstad Bergen, men for spesielt kvalifiserte søkjarar kan andre lokasjonar bli vurderte.

Arbeidsoppgåver

• Forme, planleggje og leie prosessar som styrkjer samhandling mellom partane i prosjekt • Gjennomføre samlingar, workshops og møte mellom byggherre og entreprenør med mål om å optimalisere samarbeidet og redusere konfliktnivå • Hjelpe prosjektorganisasjonar, stabar og team med organisasjonsutvikling ved behov Reising må påreknast.

Kvifor skal du velja oss? Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss. Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet. Vi tilbyr deg også desse goda:

• Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider. • God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån. • Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar. • Fagleg påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning. • Meir om gode som tilsett på våre nettsidar: Ansattgoder | Statens vegvesen Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Kvalifikasjonskrav Du må ha

• fullført utdanning på bachelor- eller høgskulenivå • Solid erfaring med å planleggje, designe og leie prosessar med menneske og team • førarkort klasse B • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Om du kan vise til lang og relevant erfaring, kan dette kompensere for utdanningskravet. Det er i tillegg ønskjeleg at du har

• erfaring innan konflikthandtering, kommunikasjon og generelt utviklingsarbeid for grupper og team • gjennomført sertifiseringar innan coaching. Dette er ein stor fordel • kjennskap til coaching og arbeidsprosessar i prosjekt Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine frå HKDIR: Godkjenning av utenlandsk utdanning – jobb i Norge | HK-dir Vi vektlegg motivasjon og engasjement for stillinga og samfunnsoppdraget vårt. Personlege eigenskapar:

• Gode kommunikasjonsevner og evne til å samarbeide godt med både interne og eksterne aktørar • Initiativrik, systematisk og resultatorientert • Jobbe sjølvstendig – leie/fasilitere samling, planleggje og koordinere i forkant Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.

Om søknadsprosessen Krav til søknaden Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine. Testar og bakgrunnssjekk For å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Testane gir verdifull innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og bidreg til ei rettferdig og objektiv vurdering. Som ein del av rekrutteringsprosessen gjennomfører vi bakgrunnssjekk i samarbeid med ein ekstern leverandør. Bakgrunnssjekk skjer alltid med samtykket på kandidaten, og tilsetjing føreset godkjend bakgrunnssjekk. Positiv særbehandling Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling. Søkjarlista er offentleg Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.