Sveio kommune
Helsefagarbeidar - natt
Om stillinga Eining for habilitering, avdeling Stemhaugen bueining, ligg midt i Sveio sentrum. Stemhaugen bueining er ein døgnbemanna bustad for personar med utviklingshemming og samansette behov. Vi søkjer no etter ein helsefagarbeidar i 65,7 % fast nattstilling frå 01.01.2027. Hos oss vil du jobbe tett i team med gode kollegaer. Er du utadvend, sosial og fungerer godt i eit lite team, kan dette vere stillinga for deg. Stillinga har sju nattevakter à 10 timar per tre vekers turnus, med arbeid kvar tredje helg.
Arbeidsoppgåver • stillinga er knytt til tenester for personar med varierande grad av hjelpebehov • tilsyn og hjelp etter individuelle behov • miljøarbeid i tråd med tiltaksplanar • bistand og rettleiing i situasjonar brukaren opplever som vanskelege • bidra til at behova til brukaren på natt blir følgde opp på ein fagleg forsvarleg måte
Kvalifikasjonar • fagbrev som helsefagarbeidar • du snakkar, les og skriv norsk godt nok til å samarbeide med andre og utføre arbeidsoppgåvene sjølvstendig • det er krav om godkjend politiattest
Personlege eigenskapar • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • evne til å jobbe sjølvstendig og ta trygge avgjerder i enkeltsituasjonar • lojal, punktleg og pliktoppfyllande • fokus på kvalitet i tenesta • fleksibel og løysingsorientert i travle periodar
Vi tilbyr • ein lærande og fleksibel arbeidsplass i stadig utvikling, med sterkt fokus på den einskilde tenestemottakaren • interessante faglege utfordringar og høve til fagleg og personleg utvikling • løn i samsvar med gjeldande avtalar • gode pensjonsordningar gjennom KLP – det blir trekt 2 % av løna til pensjon
