Workfinder

Universitetet i Bergen

Universitetslektor i pedagogikk/spesialpedagogikk (mellombels, 70 %)

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAUniversitetslektor Ved Institutt for pedagogikk, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei mellombels 70 % stilling som universitetslektor i pedagogikk/spesialpedagogikk for perioden 1. januar 2027 - 30. juni 2027. Den tilsette vil ha arbeidsstad ved Institutt for pedagogikk.

Arbeidsoppgåver

  • •Undervising, undervisningsadministrativt arbeid, evaluering, rettleiing og sensur på vidareutdanningsemna i tilpassa og individuelt tilrettelagt opplæring: Tilpasset og individuelt tilrettelagt opplæring | UiB
  • •Oppfølging av partnerskap med vidaregåande skular i “System for kompetanse- og karriereutvikling for ansatte i barnehage og skole (SKK)”

Kvalifikasjonar og eigenskapar

• Søkjarar må ha oppnådd mastergrad i pedagogikk eller spesialpedagogikk. • Søkjarar må ved oppstart i stillinga kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk. • Det er ein føremon at søkjaren har utdanningskvalifikasjonar og/eller arbeidserfaring innan spesialpedagogikk. • Undervisingserfaring frå høgare utdanning knytt til eit av fagområda spesialpedagogikk, pedagogikk eller tilsvarande er ein føremon. • Det vil vere ein fordel om søkjaren har publiserte forskingsresultat som er relevante for stillinga. • Personlege eigenskapar, som evna til å arbeide sjølvstendig og strukturert, samt gode samarbeidsevner, vil verte vektlagt. I vurderinga av søkjarane vil det bli lagt vekt på moglegheita for å tre raskt inn i undervisningsoppgåvene.

Vi tilbyr

  • •Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • •Høve til å bygge faglege nettverk
  • •Brutto årsløn som universitetslektor (kode 1009) kr 653 000 – kr 692 500. Vidare lønsopprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • •Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • •Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

• CV • Vitnemål og attestar • Vedlegg som dokumenterer dine kvalifikasjonar • Publikasjonsliste • Vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maksimalt 5 vedlegg) • Namn på tre referansar. Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i JobbNorge. Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon: Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Astrid Tolo, professor, Institutt for pedagogikk, Astrid.Tolo@uib.no 55 58 48 81 Line Hilt, instituttleiar, Institutt for pedagogikk, Line.Hilt@uib.no, 55 58 48 45 Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.