Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank, Helse Møre og Romsdal HF
IKT- konsulent laboratoriemedisin
Vil du bli vår nye kollega? Klinikk for diagnostikk har ledig stilling som IKT-konsulent innan laboratoriemedisin. Stillinga er i dag organisert i Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank. Den som vert tilsett skal arbeide tett saman med den andre IKT-konsulenten i Klinikk for diagnostikk og ha oppgåver i alle laboratoria i klinikken som er medisinsk biokjemi og blodbank, medisinsk mikrobiologi og patologi. Laboratoria i Helse Møre og Romsdal nyttar Helseplattforma (HP) sitt laboratoriedatasystem Beaker (medisinsk biokjemi og medisinsk mikrobiologi), Sympathy (patologi) og Prosang (blodbank). Stillinga inngår i eit team som ivaretek IKT-systema både for laboratoria i Helse Møre og Romsdal og regionalt i Helse Midt-Norge, og vil samarbeide tett med fagmiljøa på laboratoria, på tvers av helseforetaka og med dei regionale IKT leverandørane Helseplattforma og Hemit.
Arbeidsoppgåver
• Uttrekk av rapportar og statistikk frå HP, både månadlege oppgåver og på forespørsel. • Oppfølging av ulike arbeidsprosessar knytta til fakturering, refusjonar, ordrer knytta til regnskapssystem og oppfølging av utbetalingsvedtak mottatt frå Helfo • Oppfølgingar av all elektronisk svarrapportering • Vere involvert opp mot leverandørar ved installering av instrument og mellomvareprogram • Vere involvert med bestillingar og oppkoblingar av IKT-utstyr • Koordinere oppgåver mellom laboratoriet og andre fagfelt, leverandørar og andre interessentar • Vere ein sentral innmeldar til HP og vere IKT-utstyrsbestillar • Oppgåver innan Beaker/HP kan bli tillagt • Andre aktuelle IKT-oppgåver i klinikken • Noko reise mellom sjukehusa vil vere aktuelt Kvalifikasjonar
• IKT-kompetanse med erfaring frå spesialisthelsetenesta er ønskeleg, og kandidatar med bioingeniørbakgrunn vert spesielt oppfordra til å søke • Erfaring og kjennskap til informasjonsteknologi og laboratorieinformasjonssystem (LIMS) vil bli vektlagt • Tilleggsutdanning innan IKT eller tilsvarande vil bli vektlagt • Kjennskap og erfaring frå ulike IKT-program, til dømes Excel, Power BI og andre • Ønskeleg med kompetanse innan statistikk og sjukehusøkonomi • Erfaring med prosjektarbeid og prosjektleiing er ønskeleg • Må beherske norsk og engelsk munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar
• Du er strukturert, målretta og løysingsorientert • Du har gode samarbeids- og formidlingsevner • Du har interesse for å setje deg inn i nye områder og vidareutvikle eigne kunnskapar • Du har gode samarbeidsevner og forståing for tverrfagleg arbeid • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr
- •Ei spennande stilling i eit fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement
- •Eit inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø
- •Sterkt tverrfagleg samarbeid i eiga avdeling, i helseforetaket og regionalt.
- •Ein inkluderande arbeidsplass
- •Løn etter gjeldande overeinskomstar
- •Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon Marie Nora Roald, Avdelingssjef, +47 41570968
Arbeidsstad Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
