Workfinder

Sogndal kommune Tildelingskontoret

Vikar til Helsetorget, 100 % vikariat

SogndalHeltid, Vikariat, VikariatFrist 28. oktober

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Har du helse- og sosialfagleg bakgrunn og lyst til å vera tett på innbyggarane våre? På Helsetorget får du vera med på laget som er det første møtepunktet for innbyggarar med behov for helse- og omsorgstenester i kommunen. Om stillinga Me søkjer deg som vil vera med på laget på Helsetorget, i eit 100 % vikariat organisert under Tildelingskontoret. Stillinga er ledig frå snarast og fram til 31.9.27. Arbeidsoppgåver

• Ta imot innbyggarar og svara på telefonar og e-posthenvendingar frå dei som treng hjelp eller informasjon • Gjennomføre kartlegging av hjelpebehov • Informere om søknadsprosess og tenestetilbod i kommunen • Bistå innbyggarar i søknadsprosessar, registrere søknader og opprette saker i fagsystem • Dele ansvar for støttekontaktordninga ved fråvær og ferieavvikling, mellom anna ta imot og føre timelister • Jobbe med velferdsteknologi og digital oppfølging av innbyggarar • Bidra i sakshandsaming ved behov og delta på sakshandsamingsmøte Erfaring og kompetanse

• Bachelor i helse- og sosialfag • Relevant arbeidserfaring frå fagfeltet • Erfaring med koordinering, planlegging eller oppfølging av arbeidsoppgåver • God digital kompetanse og erfaring med relevante fagsystem Dette er ein fordel om du har

• Erfaring med kartlegging og sakshandsaming, gjerne innan helse- og omsorgstenester • Kjennskap til kommunal sakshandsaming og relevant lovverk, til dømes helse- og omsorgstenestelova, pasient- og brukarrettigheitslova og forvaltningslova • Erfaring frå tildelingskontor, forvaltningseining eller liknande Kven ser me etter? Me ser etter en positiv, målretta og strukturert person som trivst med å arbeide sjølvstendig og som handterer både uforutsigbare situsjonar og komplekse problemstillingar. Du er fleksibel og open for nye måtar å jobbe på, og møter endringar med nysgjerrigheit og engasjement. Du har god relasjonskompetanse, kommuniserer godt med kollegaer, andre tenester, brukarar og pårørande. Du evnar å sjå heilskapen, bidrar til tverrfagleg samarbeid og byggje gode relasjonar. Samstundes er du tolmodig, audmjuk og reflektert, og du tør å tenkje nytt når arbeidskvardagen krev det. Du har også god digital kompetanse og evne til å nytte digitale løysingar på en effektiv og brukarvenleg måte. Me tilbyr

• Ei stilling der du er med og formar innhaldet i ei teneste under utvikling • Ein arbeidsplass midt i arbeidet med korleis Sogndal kommune møter innbyggarane sine Me vil behandla søknadane og gjennomføra intervju fortløpande, så me tilrår deg å søkja så snart som mogleg. Me gler oss til å høyra frå deg! Praktisk informasjon Stillingstype: 100 % vikariat Arbeidsstad: Helsetorget, under Tildelingskontoret Tilsetjingsperiode: snarast og fram til 31.9.27 Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.

Link til søknadsskjema: Søk her