Ullensvang kommune Eitrheimsvågen barnehage
2 stillingar à 100% som pedagogisk leiar ved Eitrheimsvågen barnehage
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Odda
- Heltid, Fast, Fast
- Frist 12. november
- Lønn ikke oppgitt
Velkomen til oss i Eitrheimsvågen barnehage! Eitrheimsvågen barnehage har 114 plassar fordelt på 6 avdelingar. Barnehagen ligg på Eitrheim i Odda og har fine naturområde, leikeplassar, ballbinge og fotballbane i nærleiken som vi nyttar oss av. Barnehagen består av to hus omslutta av eit stort uteareal med god plass til leik og samver. Barnehagen jobbar med å skapa eit inkluderande barnehagemiljø. Vi ynskjer å laga ein trygg kvardag for små og store gjennom relasjonsbygging i dei daglege aktivitetane og å skapa gode rom for leik og vennskap. Vi satsar på å få i gang gode kvardagssamtalar frå vi møtest om morgonen, rundt kvardagsaktivitetar og i leik. Vi er opptekne av at alle born og vaksne skal bli sedd, møtt og forstått gjennom samtalar som tel. Som pedagog i Eitrheimsvågen barnehage inngår du i eit stort fagmiljø med personale som er innstilt på samarbeid om fagleg kvalitet til brukarane.
Vi søkjer deg som
- •Er ein trygg og tydeleg leiar som motiverer og rettleiar medarbeidarane dine med engasjement.
- •Er fagleg medviten og reflektert, og brenn for å skapa eit inkluderande og utviklande miljø for barna.
- •Er lydhøyr, omsorgsfull og leiken i møte med barn.
- •Har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med både kollegaer og foreldre.
- •Er fleksibel, løysingsorientert og trivst i ein uføreseieleg, men gjevande kvardag.
Arbeidsoppgåver Som pedagogisk leiar har du ansvar for:
- •Barna sin trivsel og utvikling i det daglege arbeidet med barna.
- •Å planleggja, tilretteleggja, gjennomføra, vurdera og dokumentera det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga i samsvar med gjeldande lovverk.
- •Å medverka til eit godt arbeidsmiljø.
- •Å leggja til rette for eit godt foreldresamarbeid.
- •Å vurdera avdelinga sine samla ressursar; som medarbeidaren sine kvalifikasjonar, tid ein har til disposisjon, dei fysiske rammevilkåra til barnehagen og føresetnadene til barnegruppa.
- •At barn med spesielle behov vert integrerte i barnehagen, og har nytte av barnehagetilbodet.
- •Gje pedagogisk rettleiing på avdelinga.
- •Tverrfagleg samarbeid med ulike instansar.
Kvalifikasjonskrav
- •Godkjent barnehagelærarutdanning, eller tilsvarande jf. barnehagelova § 25.
- •Gode digitale ferdigheiter.
- •Gode norskkunnskapar.
Personlege eigenskapar
- •Gode samarbeidsevner.
- •Evne til å sjå og skapa ein god relasjon til alle barna.
- •Sjå barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet
- •Evne til refleksjon, gjera vurderingar og setja inn tiltak til det beste for barna.
- •God evne til å kommunisera og til å gje og få tilbakemelding.
- •Evne til å arbeida målretta og strukturert, sjølvstendig og i lag med andre.
- •Løysingsorientert, fleksibel og kreativ.
- •Robust.
- •Godt humør og positiv innstilling.
Vi tilbyr
- •Varierte arbeidsoppgåver og eit stort fagmiljø med engasjerte medarbeidarar.
- •Fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
- •Lønn etter hovudtariffavtalen og gode pensjons- og forsikringsavtalar.
- •Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen.
- •Pedagogisk leiar-tillegg på kr 36 000.
- •Rekrutteringstilskot for dei som har godkjent barnehagelærarutdanning: kr 30 000 etter eitt år og kr 30 000 etter to år.
Krav
- •Politiattest jf. gjeldande lov.
Sletting av utdanningsgjeld/studielån: Ullensvang kommune er omfatta av ordninga. Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova: Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket. I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune: Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/