Årdal kommune Skule
Lærar ved Farnes skule
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Årdalstangen
- Heltid, Vikariat, Vikariat
- Frist 5. november
- Lønn ikke oppgitt
Vil du vere med og skape læring gjennom trivsel og respekt? Farnes skule har ledig 100 % vikariat som lærar, med tiltreding 01.02.27, og fram til 31.12.27. På Farnes skule ønskjer me at elevane våre skal oppleve tryggleik, meistring og lærelyst. No ser me etter engasjerte lærarar som vil vere med og skape ein god skulekvardag og bidra positivt inn i fellesskapet vårt.
Om Farnes skule Farnes skule er ein kombinert 1.–10.-skule med om lag 350 elevar. I tillegg har me skulefritidsordning med tilbod til rundt 100 barn. Til saman er det om lag 64 tilsette ved skulen, inkludert pedagogar, assistentar, skuleleiing og administrative støttefunksjonar. Du blir dermed ein del av eit stort og mangfaldig fagmiljø med brei kompetanse og tett samarbeid rundt elevane. Visjonen vår er: «Me skal utvikla sjølvstendige, trygge ungar med danning og lærelyst.» Våre sentrale verdiar er trivsel, respekt, tryggleik og meistring. Desse verdiane ligg til grunn for arbeidet vårt kvar dag, både i møte med elevane og i samarbeid mellom dei tilsette. Undervisninga er organisert i to skulebygg, eitt for 1.–7. trinn og eitt for 8.–10. trinn, noko som legg til rette for eit godt læringsmiljø tilpassa ulike alderstrinn. Skulen har ei breitt samansett leiing og støtteapparat med rektor, avdelingsleiarar, rådgjevar, IKT-koordinator og spesialpedagogisk koordinator. Farnes skule vart sertifisert som dysleksivenleg skule i 2010, noko som kjem til uttrykk gjennom systematisk og inkluderande lese- og skriveopplæring for alle elevar. Me er òg ein mobbefri skule, og arbeider målretta for å sikre at alle elevar opplever eit trygt og inkluderande skulemiljø. Hjå oss skal elevane bli sett, utfordra og få oppleve meistring. Som lærar blir du ein viktig del av dette arbeidet.
Arbeidsoppgåver Som lærar ved Farnes skule får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
- •planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning i tråd med gjeldande lovverk og læreplanar
- •oppfølging av elevane si faglege og sosiale utvikling
- •å bidra til eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø
- •samarbeid med lærarar, fagarbeidarar, assistentar og andre tilsette ved skulen
- •tett og godt samarbeid med føresette og andre relevante samarbeidspartnarar
- •deltaking i skulen sitt profesjonsfellesskap og utviklingsarbeid
Stillinga kan innehalde undervisning både på barne- og ungdomssteget, inkludert individuelt tilrettelagd opplæring. Kontaktlæraransvar kan bli lagt til stillinga. Ved undervisning på ungdomssteget kan oppgåver knytte til eksamen vere aktuelt.
Kven ser me etter? Me ser etter deg som har godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen. Søkjarar med anna relevant utdanning og praksis kan òg bli vurderte. For oss er det viktig at du ynskjer å bidra både til elevane si utvikling og til fellesskapet blant dei tilsette. Me ynskjer oss ein kollega som:
• skapar gode relasjonar og møter elevane med varme, respekt og tydelege forventningar • ser den enkelte eleven og legg til rette for tryggleik, trivsel og meistring • er engasjert og tek initiativ • likar å samarbeide og bidra aktivt i profesjonsfellesskapet • deler kunnskap og erfaringar med kollegaene sine • er kreativ, nysgjerrig og utforskande i undervisninga • er fleksibel, løysingsorientert og utviklingsorientert Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Me tilbyr
- •ein meiningsfull jobb der du får vere med og gjere ein forskjell for barn og unge
- •eit godt og stabilt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
- •eit tverrfagleg arbeidsmiljø med pedagogar, assistentar og støttefunksjonar
- •eit profesjonsfellesskap der samarbeid, kunnskapsdeling og utvikling står sentralt
- •ein variert arbeidskvardag med elevar frå 1. til 10. trinn
- •høve til å utvikle deg fagleg og bidra til utvikling av skulen
- •arbeid i ein veldriven kommune med gode og trygge rammevilkår
- •gode pensjons- og forsikringsordningar
- •løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariffavtale og avtaleverk
Kjenner du deg att i dette og har lyst til å bli ein del av laget på Farnes skule? Då håpar me å høyre frå deg! Andre opplysningar:
- •Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med 25.000kr i året gjeld for deg som har bustadadresse i Årdal kommune. Sjå Lånekassen.no for meir informasjon om kvalifisering.
- •Me gjer merksam på at ifølgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
- •Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
- •For stillingar der det etter lov eller forskrift vert stilt spesielle krav til politiattest, skal det leggjast fram før tilsetjing.