Fjord1 - Maritim Drift
Sjøvakt 2:4 turnus
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Bokn
- Heltid, Fast, Fast
- Frist 3. november
- Lønn ikke oppgitt
Fjord1 innførar 2:4-turnus i sambandet Arsvågen–Mortavika om bord på våre gassferjer. No søker vi 1.maskinist som ønsker å vere med på den nye ordninga. Den nye turnusordninga med 2 veker på arbeid og 4 veker fri gir moglegheit for god balanse mellom arbeid og fritid. I arbeidsperioden bur du om bord, og reise til og frå arbeidsstaden vert dekt. I rolla som 1. maskinist har du eit stor ansvar i drifta av fartøyet og fungerer som maskinsjefen sin stedfortredar. Her får du moglegheit til å utvikle deg vidare innan maskinfaget og bygge kompetanse på gassfartøy – ei erfaring som er ettertrakta. Du vil her jobbe på eit av dei mest trafikkerte ferjesambanda, i ein travel, men trygg kvardag med godt samarbeid.
Oppstart er så snart som mogleg, men endeleg oppstartstidspunkt vert avtalt nærare. Aktuelle kandidatar blir vurderte og tilsette fortløpande.
Arbeidsoppgåver
• Vedlikehalde av maskineri/komponentar i henhald til AMOS vedlikehaldssystem. • Oppgåver iht. alarminstruks • Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav. • Samarbeid med maskinsjef for å sikre at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden. • Sjå til at personell som utfører arbeid i maskin nyttar verne- og tryggleiksutstyr. • Utvikling og opplæring av personell som er underlagt maskin. • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt. • Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar. • Ansvar for bunkring av gass og olje. • Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn. • Oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde. • Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert. • Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde. • Bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001. Kvalifikasjonar
• Kompetansesertifikat M2 • Sikkerhetskurs i høve kvalifikasjonsføreskrifta • Ferdigheitssertifikat, vidaregåande IGF • FSE lav- og høyspenning • Krise- og passasjerhandtering • Gyldig helseerklæring • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig Fjord1 dekker IGF kurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar. Personlege eigenskapar Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert 1.maskinist med teknisk innsikt, og god kommunikasjonsevne. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som trives med ein variert arbeidskvardag.
Vi tilbyr
• Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund. • Sjøvakt, 2 veker på og 4 veker av, 98 timars arbeidsveke. • Ein bur ombord i arbeidsperioden. • Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiode. • Treningsrom om bord i fartøyet. • Eit godt arbeisdmiljø med dyktige kollegaer. • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar. • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår. Kontaktinformasjon Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no
Arbeidssted E39
5561 Føresvik
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift