Workfinder

Sikkerhet- og rehabiliteringspost Valen sjukehus

Helgestillingar Valen sjukehus

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Eining for sikkerhet og rehabilitering er ei spesialeining med åtte døgnbehandlingsplassar for kvinner og menn. To av plassane er for kvinner med valds- og farlegheitsproblematikk, medan fire plassar er tilrettelagde for forsterka rehabilitering av pasientar med sikkerheitsproblematikk. Dei resterande plassane er for pasientar med behov for forsterka rehabilitering. Gjennom kartlegging og utgreiing tilpassar vi behandlinga til den enkelte pasienten sitt sjukdomsbilete, evner og ressursar. Behandlinga kan omfatte legemiddel, samtaleterapi, miljøterapi, fysisk aktivitet og tiltak som fremjar livsmeistring. Brukarmedverknad står sentralt i arbeidet vårt, og vi legg vekt på å skape trygge rammer som støttar utvikling, meistring og rehabilitering. Eining for sikkerheit og rehabilitering har ledige helgestillingar.

Kva går jobben ut på?

• Pasientoppfølging • Miljøterapi til pasientar som er innlagt på psykiatrisk sengepost Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

• Helsefagarbeidar, miljøterapeut eller studentar innan helsfagleg utdanning. • Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri, annan relevant kompetanse kan vurderas. • Gode munnlege og skriftlege norskkunskapar. Kva ser vi etter hos deg?

• Ansvarsbevisst • Gode kommunikasjonsevner • Ha respekt for den einskilde pasient • Engasjert • Arbeidsam • Vere ein god teamarbeidar • Bidra til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr

• Opplæring, internundervisning og rettleiing • Triveleg arbeidsmiljø For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden Kontaktinformasjon Helena Heimvik, Funksjonsleiar, 53 46 64 82

Arbeidsstad Sjukehusvegen 26

5451 VALEN

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5194035365

Stillingsprosent: 15%

Fast

Startdato: 16.11.2026

Søknadsfrist: 08.11.2026