Sengepostar Førde, Helse Førde
Sommarvikarar Psykiatrisk klinikk,
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Førde
- Heltid, Vikariat, Vikariat
- Frist 17. januar
- Lønn ikke oppgitt
Vi søkjer ferievikarar til sengepostane ved Psykiatrisk klinikk i Førde i perioden 15.06.2027 - 09.08.2027
Sengepostane våre
• Akutt døgn • PSK Sikkerheit • DPS døgn allmenn • DPS døgn psykose Tilsetjingsperioden er åtte veker. Opplys i søknaden:
- •Kva veker du kan arbeide dersom du ikkje kan arbeide heile perioden
- •Kva sengepost du ønskjer å arbeide ved
- •Dokumentasjon på utdanning og praksis
Akutt døgn har 15 sengeplassar og er ein lukka, akuttpsykiatrisk sengepost. Vårt opptaksområde er hovudsakleg "gamle" Sogn og Fjordane. Vi tek imot pasientar som treng augeblikkeleg hjelp og har akuttberedskap heile døgnet. Akutt døgn tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Søkjer du ein variert og spennande arbeidskvardag med eit triveleg arbeidsmiljø, så er dette avdelinga for deg.
PSK Sikkerheit har 3 døgnplassar og er ein lukka sengepost for personar med alvorleg sinnsliding og voldsproblematikk. I tillegg til å yte psykiatrisk behandling vil nokre sentrale oppgåver vere å vurdere og handtere risiko for vald. Vårt mål er å gi pasientane moglegheit til auka meistring av eige liv i ulike fasar av sjukdommen, samtidig som vi ivaretek vårt ansvar for samfunnsvernet. Dette gjer vi gjennom fagleg behandling og arbeidsform der miljøterapautisk rehabilitering blir vektlagt. Ein tar imot pasientar både på frivillig og tvungen psykisk helsevern, inkludert pasientar som har dom på overføring til tvungen psykisk helsevern. Vi tilbyr ein utfordrande og givande arbeidskvardag i eit støttande og ivaretakande arbeidsmiljø. DPS døgn allmenn har 14 døgnplassar og er ein åpen distriktpsykiatrisk post som i hovudsak behandlar menneske med mellom anna depresjonar, bipolare lidingar, angstlidingar, psykosar og eteforstyrringar. Hovudoppgåva er utgreiing og behandling med fokus på miljøterapi. DPS døgn allmenn tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Posten er tverrfagleg samansett og har eit aktivt, lærerikt og triveleg arbeidsmiljø. DPS døgn psykose har 9 døgnplassar og er ein åpen spesialisert post for pasientar med psykoselidingar. Vi tek imot pasientar frå Sunnfjord og Ytre Sogn. Hovudoppgåva er utgreiing, behandling og rehabilitering med fokus på miljøterapi. DPS døgn psykose tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Vi tilbyr ein lærerik arbeidskvardag i eit inkluderande arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
• Pasientretta arbeid • Turnusarbeid • Arbeid annakvar helg Kvalifikasjonar
• Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar eller 3-årig helse/sosialfagleg utdanning • Helsesportspedagog • Studentar og andre som vurderar seg sjølv som eigna kan også søkje • Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg • Relevant erfaring • Interesse for faget • Førarkort kl. B er å føretrekke Personlege eigenskapar
• Du arbeider sjølvstendig, tek ansvar og har gode samarbeidsevner • Du kommuniserer godt og møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt og omtanke Vi tilbyr
- •Opplæring i eit fagleg spennande miljø
- •Opplæringskurs for nytilsette
- •Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- •Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse Kontaktinformasjon Marianne Engh Strandos, Seksjonsleiar PSK Sikkerheit, 975 22 519
Roger Lundekvam, Seksjonsleiar akutt, 952 09 377
Ingunn Indrebø, Seksjonsleiar DPS allmenn, 478 90 705
Stephanie Levy, Seksjonsleiar DPS psykose, 993 78 985
Arbeidssted Svanehaugvegen 2
6812 FØRDE
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde