Workfinder

Stranda kommune

Konsulent lønn/ servicekontor

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Vil du arbeide innanfor lønsområdet i ei kommune der du får varierte oppgåver, stor påverknad på eigen arbeidskvardag og eit nært samarbeid med kollegaer? Frå 1. januar 2027 har vi ledig 60% fast stilling som konsulent innan lønnsområdet. Stillinga er ein del av kommunedirektøren sin stab innan fagområdet lønn. Vi kombinerer den faste stillinga med eit vikariat på Servicekontoret i 40%, slik at stillinga totalt sett er 100% ut 2027, med moglegheit for forlenging av vikariatdelen.

For rett kandidat kan det på sikt vere moglegheit for avansement til stilling som fagleiar på lønsområdet.

Kvifor velje Stranda?

  • •Makspris på barnehageplass er sett til kr. 700 kroner per måned.
  • •Bur du i kommunen og er i arbeid, kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år.
  • •Eit variert næringsliv med høg sysselsetting gir gode moglegheiter også for partnar eller familie.
  • •Gode barnehage- og skuletilbod, inkludert to vidaregåande skular.
  • •Det største skisenteret på Nordvestlandet, flotte turmoglegheiter sommar og vinter, regionalt kulturhus og eit aktivt idretts- og foreiningsliv.

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.

Vitnemål og attestar skal scannast og leggast ved søknaden.

Arbeidsoppgåver I samarbeid med fagleiar løn får konsulenten ei sentral rolle i kommunen sitt arbeid med lønn og personaladministrasjon. Du vil samarbeide tett med leiarar og kollegaer i organisasjonen og bidra til at kommunen leverer korrekte og effektive lønnstenester.

  • •Månadleg lønnskøyring, herunder førebuing og behandling av lønnsgrunnlag for fast og variabel lønn.
  • •Rapporteringar innan lønnsområdet
  • •Behandling av sjukelønn og refusjonar
  • •Vedlikehald og vidareutvikling av Visma Enterprise HRM.
  • •Andre oppgåver under området personal og lønn etter behov.
  • •Arbeidsoppgåver knytt til servicekontoret vil i hovudsak vere sentralbord, postføring og andre administrative oppgåver

Kvalifikasjonar

  • •Relevant utdanning på høgskulenivå
  • •Erfaring med lønnskøyring og forståing av samanheng mellom lønn og rekneskap er ønskjeleg
  • •God digital kompetanse og evne til å lære nye system
  • •Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som:

• Arbeider sjølvstendig og strukturert. • Har god arbeidskapasitet • Er løysingsorientert og serviceinnstilt. • Har gode samarbeidsevner og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Vi tilbyr

• Varierte, spanande og utviklande arbeidsoppgåver. • Eit godt arbeidsmiljø prega av respekt, openheit og omsorg. • Tett samarbeid og høg fagleg kompetanse • God opplæring og støtte frå erfarne kollegaer. • Ein arbeidsgjevar som legg vekt på trivsel, utvikling og meistring Kontaktinformasjon Sølvi Ringset, Fagleiar løn, 46411017

Janet Alme, Personalsjef, +47 464 11 019

Arbeidsstad Øyna 13

6200 Stranda

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 5198542209

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 11.11.2026