Workfinder

Giske kommune, Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt

Sjukepleiar - fast stilling ved Godøy bukollektiv

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Vi har ledig fast 90% stilling som sjukepleiar ved Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt, Godøy bukollektiv. Stillinga er ledig frå 25.01.2027. Stillinga inngår i to-delt turnus med arbeid kvar 3. helg. Vi søkjer ein engasjert sjukepleiar med fokus på god og trygg pasientbehandling. I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt ved tilsetjing. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål om stillinga.

Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.

Arbeidsoppgåver

• Dei vanlege sjukepleieoppgåvene som til ei kvar tid gjeld i bukollektiv for eldre. Arbeidsoppgåver blir endra ved behov. Kvalifikasjonar

• Autorisasjon som sjukepleiar, og gjerne med vidareutdanning i geriatri. Helsefagarbeidarar kan òg søkje vikariatet og vil bli vurderte om vi ikkje får tilsett sjukepleiar i stillinga. • Erfaring frå arbeid med geriatri og demensomsorg er ønskjeleg. • God digital kompetanse. • Sertifikat for bil. • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Personlege eigenskapar

• Interesse for geriatri og demensomsorg. • Fleksibel og løysingsorientert. • Gode samarbeidsevner. • Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig. Vi tilbyr

• Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår. • Fokus på fleksibilitet og samarbeid og ønskjer å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø. Kontaktinformasjon Heidi Renate Roaldsand, avdelingsleiar, 90248034

Helen Gjerde, nestleiar, 90249808

Nina Skjong, einingsleiar, +47 90251630

Arbeidsstad Reset 14

6040 Vigra

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Giske kommune

Referansenr.: 5196098441

Stillingsprosent: 90%

Fast

Startdato: 25.01.2027

Søknadsfrist: 01.11.2026