Rettleiingstenesta Bergensområdet sør, Vestland fylkeskommune
PP-rådgjevar
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Nesttun
- Heltid, Vikariat, Vikariat
- Frist 11. november
- Lønn ikke oppgitt
Vil du jobbe innan PPT?
Rettleiingstenesta Bergen Sør har ledig eit eittårig vikariat som pp-rådgjevar i 100% frå 1. desember 2026.
Rettleiingstenesta er ei brukarnær teneste i vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune. Primæroppgåva til tenesta er å leggje til rette for at flest mogleg ungdomar og vaksne fullfører vidaregåande opplæring. Vi har eit nært samarbeid med skulane, kommunane, NAV og andre aktuelle instansar. Vi skal bidra til lærelyst og fremje læring for elevar og lærlingar. Dette gjer vi gjennom å følgje opp elevar, lærlingar, støtte ungdom utanfor opplæring, rettleie vaksne og yte pedagogisk-psykologiske tenester. Tenesta består av eit tverrfagleg team innan fagfelta pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), oppfølgingstenesta (OT), opplæring i bedrift (OIB) og vidaregåande opplæring for vaksne.
Arbeidsoppgåver Bidra til at rettleiingstenesta leverer tenester med høg fagleg kvalitet til elevane og lærlingane ved å:
- •hjelpe skular på systemnivå ved å bidra til kompetanse- og organisasjonsutvikling for å betre opplæringa til elevane
- •gi spesialpedagogiske og pedagogiske råd til skulen
- •utarbeide sakkunnig vurderingar og sakkunnige uttaler knytt til PPT sitt mandat
- •gjennomføre observasjon og kartlegging innan ulike lærevanskar
- •arbeide førebyggande for å sikre gjennomføring i vidaregåande skule
- •samarbeide tverrfagleg internt i tenesta og eksternt med våre samarbeidspartnarar
- •gi rettleiing og arrangere kurs
- •utføre andre arbeidsoppgåver som kan bli lagt til stillinga
Arbeidsoppgåver og arbeidsform i tenesta krev stor grad av sjølvstende. Kvalifikasjonar Vi søkjer deg som har:
- •utdanning på høgare nivå, fortrinnsvis innan spesialpedagogikk eller psykologi
- •god kjennskap til og erfaring frå opplæring, særleg vidaregåande nivå
- •god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- •førarkort klasse B, vi nyttar eigne tenestebilar
Det er ein fordel om du har
- •erfaring frå PPT
- •kartleggings- og utgreiingskompetanse
Personlege eigenskapar vert særleg vektlagt. Det er krav om politiattest før tilsetjing. Personlege eigenskapar Vi søkjer etter deg som:
- •set elevane si læring og deira utvikling i sentrum for arbeidet
- •er løysingsorientert, strukturert og har stor interesse for fagleg utvikling
- •har evne til å samarbeide, men òg jobbe sjølvstendig
- •er fleksibel, inkluderande og har evne til å byggje gode relasjonar
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr Givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse. Vi er opptekne av trivsel i arbeidet, og å ha eit godt og uformelt arbeidsmiljø. Slik gjer vi kvarandre gode og skapar engasjement. Løn etter avtale.
Gode pensjons- og forsikringsvilkår. Stillingsnemning konsulent/rådgjevar/seniorrådgivar/psykolog etter kvalifikasjonar og erfaring.Kontaktinformasjon Åse Fretheim, leiar, +47 92263333
Arbeidsstad Østre Nesttunvegen 20
5221 Nesttun
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune