Ål kommune Sando barnehage
Er du engasjert i barn, leik og utvikling? Ønskjer du å vera ein viktig vaksen i kvardagen til barna? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Ål kommune har 5 kommunale barnehagar, med storleik frå 2 til 6 avdelingar. Her jobbar styrarar, barnehagelærarar, fagarbeidarar og assistentar tett saman for å skape trygge og gode barnehagemiljø. No søkjer vi ein engasjert barnehagelærar i 100% vikariat som pedagogisk leiar, for tida i Sando barnehage, i perioden 01.12.2026–30.11.2027, med moglegheit for forlenging og fast stilling. Sando barnehage er ein to-avdelings barnehage som ligg ca fem kilometer frå Ål sentrum. Barnehagen legg vekt på å skape gode kvardagar for barna der tryggheit, fellesskap, omsorg og det å bry seg om kvarandre står sentralt. Vi vil vera tydelege og nærverande vaksne for barna, og gje dei trygge rammer – KVAR DAG. Arbeidsoppgåver: Som pedagogisk leiar hos oss er du ein aktiv del av det pedagogiske arbeidet i kvardagen; • Deltek i planlegging, gjennomføring og vurdering av pedagogisk arbeid. • Bidreg til ein trygg, leikande og lærande kvardag for barna. • Er ein nær og tilgjengeleg vaksen som ser kvart enkelt barn. • Samarbeidar tett med kollegaer, føresette og leiing. • Er med på å utvikle eit inkluderande og fagleg sterkt miljø i barnehagen. Hos oss er leiken sentral. Vi trur på den leikande vaksne og verdset fantasien, nysgjerrigheita og undringa til barna. Kvalifikasjonar: • Utdanning som barnehagelærar, eller anna relevant utdanning med godkjent pedagogisk kompetanse. • Kjennskap til barnehagelova og rammeplanen. • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Ål kommune nyttar nynorsk som målform. Personlege eigenskapar: Vi legg stor vekt på kven du er som person. Vi ønskjer deg som: • Brenn for barnas beste og barnehagefaget. • Er ein trygg og omsorgsfull vaksen med gode relasjonelle evner. • Er leiken, kreativ og til stades i møte med barna. • Samarbeider godt og bidreg positivt i personalgruppa. • Har humor og rausheit i ein travel kvardag. Kvifor jobbe hos oss? Hos oss får du ikkje berre ein jobb, du blir ein del av eit fagleg fellesskap; • Eit inkluderande og utviklande arbeidsmiljø. • Fadderordning for ein god start. • Fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving. • Ressursar innan språk, tidleg innsats og pedagogisk arbeid. • Ein kvardag prega av psykologisk tryggleik og arbeidsglede. • Kollegaer som heiar på kvarandre – og har det kjekt saman. Vi tilbyr i tillegg: • Lønn og arbeidsvilkår etter Hovudtariffavtala. • God pensjonsordning i KLP. • Moglegheit for kurs og vidareutdanning. Send søknad: • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden. • Dei som blir tilsette må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader. • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista. Velkomen som søkjar!
