Kirurgisk serviceklinikk/ Akuttmedisinsk avdeling, Helse Bergen HF
Vikarkurs i Ambulansetenesta
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Bergen
- Heltid, Vikariat, Vikariat
- Frist 1. november
- Lønn ikke oppgitt
Haukeland universitetssjukehus, Akuttmedisinsk avdeling vil tidleg i 2027 gjennomføre vikarkurs for helsepersonell som ønsker å arbeide som vikarar i ambulansetenesta og då spesielt med tanke på sommaren 2027. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervjurunder og fysisk test.
Arbeidsoppgåver Kursinnhald
• Nettbasert sjølvstudie og 4-vakter med hospitering på ambulanse • Inntil 11 frammøtebaserte kurskveldar (fordelt over ca. 2-3 veker) • Rettleia praksis 5 vakter i ambulansetenesta • Kurset blir avholdt i perioden januar 2027 til mai 2027. Du må vere tilgjengeleg til å delta på kurset i denne perioden Anna informasjon
- •Vi tar kun inn kandidatar som kan forplikte seg til å jobbe opptil 100% som sommarvikar i 7 av 9 veker i perioden veke 25-33 i det året kurset blir avslutta (2027)
- •Brot på desse krava vil kunne medføre at kursdeltakar må erstatte utgifter som Helse Bergen har hatt ved å tilby kurset
- •Arbeidsstad vil vere ved alle ambulansestasjonar i Helse Bergen
Meir informasjon om kurset blir gitt under intervju. Etter fullført og bestått kurs kvalifiserer du til å søke på stillingar som vikar i Akuttmedisinsk avdeling. Kvalifikasjonar Faglege krav
• Autorisert som helsepersonell eller
• Medisinstudentar (Minimum 3 års studentar som må vere påbegynt det året ein startar sommarvikariatet) eller
- •Sjukepleiarstudentar (Minimum 2 års studentar som må vere påbegynt det året ein startar sommarvikariatet)
Tekniske krav
• Førarkort minimum kl. C1 (lett lastebil). For pågåande køyreopplæring må kompetansen vere dokumentert før vikarkurset er ferdig • Plettfri vandel. Vandelsattest må leggast fram Søkarar som ikkje tilfredsstiller desse krava blir ikkje vurdert
Fysiske krav Det vil bli stilt fysiske krav og utsjekk til kandidatane Personlege eigenskapar
• Ansvarsbevisst, påliteleg, serviceorientert og fleksibel • God fysisk og psykisk helse • Evne til å ta raske avgjerder og til å arbeide sjølvstendig • Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg • Søkar sine personlege eigenskapar tel mykje ved opptak til kurset Vi tilbyr
• Eit kompetanseløft innan akuttmedisin • Moglegheit for å arbeide i ambulansetenesta og bli ein del av eit spennande og godt arbeidsmiljø • Stasjonane har gode treningsfasilitetar og mange spennande oppdrag både sommar og vinter • Det er godt samarbeid med dei andre nødetatane i distriktet • Gode kollegaer i eit triveleg miljø Vi tilbyr gratis vikarkurs. Kurs og praksisperioden tilknytta kurset er ikkje lønna. Grunna krav om særskild opplæring blir vikarar utan autorisasjon i ambulansetenesta løna i lønnsgruppe 2, og autoriserte helsearbeidarar i lønnsgruppe 2-3.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon Kristian Furuskjeg, Fagkoordinator, 46819924, kristian.furuskjeg@helse-bergen.no
Steffen Fløysand Berland, Kst. Seksjonsleiar, 95172827, steffen.floysand.berland@helse-bergen.no
Arbeidsstad Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Bergen HF