Workfinder

Poliklinikk rusbehandling TSB Molde, Helse Møre og Romsdal HF

Sjukepleiar/vernepleiar fortrinnsvis med vidareutdanning innan psykisk helse og rus

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Vil du vere med og gjere ein forskjell for menneske med rusavhengigheit? Vi søkjer ein engasjert sjukepleiar eller vernepleiar til vårt LAR-team i Kristiansund.

Poliklinikk TSB Molde er ein del av Klinikk for psykisk helse og rus i Helse Møre og Romsdal HF. Vi tilbyr tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar, inkludert individuell behandling, gruppebehandling, dagbehandling og Legemiddelassistert rehabilitering (LAR). For å styrkje tilbodet på Nordmøre har vi etablert eit eige LAR-team i Kristiansund. Teamet er organisatorisk knytt til Poliklinikk TSB Molde, men arbeidsstaden er i Kristiansund. Bur du mellom Kristiansund og Molde, er det moglegheit for å jobbe begge stadar. Hos oss får du ein fagleg spennande og meiningsfull arbeidskvardag der du bidreg til å gi pasientar med rusavhengigheit eit trygt og heilskapleg behandlingstilbod. Vi ønske deg velkomen som søkjar på stillinga!

Arbeidsoppgåver

• Oppfølging og behandling av pasientar i LAR • Behandlingsansvar for eigne pasientforløp • Medikamenthandtering og oppfølging av legemiddelbehandling • Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar • Bidra til vidare utvikling av behandlingstilbodet • Dokumentasjon og journalføring i samsvar med gjeldande krav Kvalifikasjonar

  • •Bachelor i sjukepleie /vernepleie
  • •Ønskeleg med relevant vidareutdanning innan psykisk helse eller rusbehandling, men oppmoder også deg uten vidareutdanning til å søke
  • •Erfaring frå og interesse for rusbehandling eller psykisk helsearbeid
  • •Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • •Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

• Du er fleksibel og løysingsorientert • Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø • Du er nytenkande, ansvarsbevisst og endringsorientert • Du har evne til å stimulere og motivere til kompetanseutvikling • Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø • Du jobbar sjølvstendig, men fungerer samstundes godt i tverrfagleg samarbeid • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr

  • •Ein inkluderande arbeidsplass
  • •Eit erfarent tverrfagleg arbeidsmiljø
  • •Regelmessig rettleiing og fagutvikling
  • •Moglegheit for kurs og kompetanseheving
  • •Arbeidstid er p.t dagtidsstilling utan turnusarbeid (08.00–16.00)
  • •Stor grad av sjølvstende i arbeidshverdagen
  • •Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • •Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Drøymer du om å bo med kort avstand mellom hav, fjell og fjord med rikt høve til friluftsliv? Å ha tilgang på eit rikt og engasjert kulturmiljø i ein kystbyar med ambisjonar? Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her! Kontaktinformasjon Ann Kristin Lillebostad Hovden, Seksjonsleiar

Arbeidsstad Norddalsveien 37

6516 Kristiansund

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5194611241

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 28.10.2026