Workfinder

Sunnfjord kommune Bemanningseininga

Bemanningseininga har ledig stilling for helsefagarbeidar

FørdeHeltid, Fast, Fast

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Vil du ha ein variert og fagleg spanande kvardag? Er du fleksibel, engasjert og trivst med å bygge gode relasjonar? Då vil vi gjerne ha deg med på laget! Bemanningseininga i Sunnfjord kommune søkjer deg som er helsefagarbeidar og vil bruke kompetansen din på tvers av tenesteområda i omsorg. Bemanningseininga er ei eining i Sunnfjord kommune som skal formidle kompetanse og arbeidskraft ved kortare fråvær til ulike einingar i omsorg. I Bemanningseininga får du jobbe med ulike menneske, i ulike einingar – frå institusjon og heimetenester til psykisk helse og bu- og miljøteneste. Her får du høve til fagleg utvikling, god opplæring og eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi har ledig: • 100 % fast stilling som helsefagarbeidar Vi kan tilby: • tillegg på kr 20.000,- for å jobbe i Bemanningseininga • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning • gode pensjons- og forsikringsordningar Arbeidsoppgåver: • dagleg omsorg og miljøarbeid til den enkelte • fagleg arbeid med observasjon, tilrettelegging, motivering og gjennomføring av tiltak • legemiddelhandtering • sikre at gjeldande lovverk og vedtak blir følgde • sikre journalføring Krav til søkar: • fagbrev som helsefagarbeidar • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • godkjent politiattest • gode IKT kunnskapar • bør ha førarkort klasse B Vi søker deg som: • har eit ekte engasjement for å jobbe med menneske med ulike behov, og møter kvar enkelt med respekt og omsorg • trivst med å arbeide både sjølvstendig og i team • er ein god lagspelar som bidreg til eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø • er fleksibel, trygg og open for endringar • held deg fagleg oppdatert og er ein pådrivar for kvalitet og god etisk praksis

Velkomen som søkar! Du må søke elektronisk.

Link til søknadsskjema: Søk her