Workfinder

Kviteseid omsorgsenter, Kviteseid kommune

Sjukepleiar/vernepleiar 52,11 % fast stilling på natt

KviteseidDeltid, Fast, FastFrist 6. november

Lag en gratis profil for å søke med ett klikk.

Søk på stillingen Logg inn

Vil du vere den faglege tryggleiken gjennom natta? Ved Kviteseid omsorgssenter er det ledig 52,11 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar på natt, frå d.d. Me søkjer deg som trivst med sjølvstendig arbeid, som er trygg i faglege vurderingar og som ønskjer å gjere ein forskjell for pasientane våre gjennom heile døgnet. Som nattevakt vil du ha ei sentral rolle i å sikre kvalitet, pasienttryggleik og god oppfølging for bebuarane våre. Om arbeidsplassen : Kviteseid omsorgssenter er ein sjukeheim med 32 plassar fordelt på fire avdelingar, inkludert nyetablert korttidsavdeling. Pasientgruppa er samansett og omfattar mellom anna personar med demenssjukdom, kroniske sjukdomar, rehabiliteringsbehov og behov for lindrande behandling. Som sjukepleiar/vernepleiar på natt har du ansvar på tvers av alle avdelingane og samarbeider tett med øvrig nattevakt for å sikre trygg og fagleg forsvarleg drift gjennom natta. Stillinga inngår i årsturnus med arbeid kvar tredje helg.

Arbeidsoppgåver · Sjukepleie- og miljøterapeutisk oppfølging av pasientar på natt · Kliniske observasjonar, vurderingar og dokumentasjon · Oppfølging av pasientar med samansette og akutte helseutfordringar · Medikamenthandtering etter gjeldande retningslinjer · Oppfølging av pasientar innan demensomsorg, palliasjon, KOLS og diabetes · Bidra til ro, tryggleik og omsorg for pasientane gjennom natta · Samarbeid med lege, legevakt og andre samarbeidspartnarar ved behov · Rettleiing og fagleg støtte til øvrige medarbeidarar på vakt · Delta i kvalitets- og forbetringsarbeid · Sikre god informasjonsflyt mellom natt- og dagpersonellKvalifikasjonar · Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar · God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne · God digital kompetanse · Interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid Det er ønskjeleg med erfaring frå: · Sjukeheim eller kommunehelsetenesta · Demensomsorg · Korttids- og rehabiliteringsavdeling · Palliasjon · KOLS- og diabetesoppfølging Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som: · Er fagleg trygg og sjølvstendig · Har gode observasjons- og vurderingsevner · Er roleg og handlingsdyktig i utfordrande situasjonar · Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner · Er strukturert og løysingsorientert · Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø · Møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt og omsorg Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr · Fast nattstilling i 52,11 % · Årsturnus · Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver · Faglege utfordringar på tvers av fire avdelingar, samt samarbeid med heimetenestene · Moglegheit til å utvikle kompetanse · Intern og ekstern undervisning · Fokus på simulering, øving og ferdigheitstrening · Moglegheit for støtte til relevant vidareutdanning · Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer, godt samhald og mykje humorKontaktinformasjon Helene Stensrud Flatland, Einingsleiar Kviteseid omsorgsenter, +47 90 21 37 57, helene.stensrud@kviteseid.kommune.no

Arbeidsstad Lundenvegen 30

3850 Kviteseid

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Kviteseid kommune

Referansenr.: 5195144929

Stillingsprosent: 52,11%

Fast

Søknadsfrist: 06.11.2026