Lom Kommune Sentraladministrasjon
Vi søkjer fagarbeidar til vikariat i tilrettelagte tenester
LomHeltid, Vikariat, VikariatFrist 29. oktober
No har vi ledig eit 100 % vikariat som fagarbeidar, med moglegheit for å arbeide 80 % dersom du ønskjer det. Vi håpar du har lyst til å bli ein del av laget vårt.
Hjå oss er det rom for faglege diskusjonar, refleksjon og utvikling. Vi støttar kvarandre i kvardagen, samarbeider tett og er opptekne av å finne gode løysingar for kvar enkelt brukar.
Dette blir nokre av arbeidsoppgåvene dine
- •Følgje opp og rettleie brukarar med ulike bistandsbehov.
- •Planleggje og gjennomføre dagtilbod, arbeid og opplæring saman med tenestemottakar.
- •Arbeide målretta for å skape meistring, trivsel og tryggleik.
- •Tilpasse tenestene etter den enkelte sine behov, ønskje og vedtak.
- •Samarbeide med kollegaer, pårørande og andre fagpersonar.
- •Bidra til fagleg utvikling og gode tenester.
Vi ser etter deg som
- •Er raus, positiv og engasjert.
- •Likar å arbeide med menneske og ønskjer å gjere ein forskjell.
- •Er sjølvstendig, men trivst godt med å samarbeide.
- •Reflekterer over eigen praksis og er open for rettleiing.
- •Tek ansvar og møter utfordringar med eit løysingsorientert blikk.
- •Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og eit positivt fellesskap.
Kvalifikasjonar
- •Fagarbeidarutdanning, helst innan helse- eller pedagogiske fag.
- •Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- •Førarkort klasse B.
- •Gyldig politiattest.
Personlege eigenskapar blir lagde stor vekt på.
Kvifor velje oss?
Hos oss blir du del av eit fagmiljø der samarbeid, tillit og fagleg utvikling står i sentrum. Vi ønskjer at både brukarar og tilsette skal oppleve meistring og trivsel.
Vi tilbyr
- •Eit 100 % vikariat, med moglegheit for 80 % stilling dersom du ønskjer det. Vikariatet varer fram til 01.01.2028.
- •Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer.
- •Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag.
- •Rettleiing og tett samarbeid med kollegaer.
- •Moglegheit til å vere med og utvikle tenesta.
- •Turnusarbeid. Stillinga har i dag tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Vi arbeider med å innføre ein ny turnus med fleire langvakter, som kan gi todelt turnus.
