Hildre Montessoribarnehage As
Vi søkjer tilkallingsvikar
HildreDeltid, Vikariat, Vikariat
Hildre Montessoribarnehage søkjer tilkallingsvikarar. Vi er ein liten barnehage i naturnære omgjevnader. Vil du bidra til varme og trygge dagar for barna?
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar
- •Erfaring frå arbeid med barn og unge er ein fordel.
- •Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget eller anna relevant utdanning er positivt, men ikkje eit krav.
- •Erfaring innan montessoribarnehage, eventuelt interesse og nysgjerrigheit for montessoripedagogikk
- •Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- •Gyldig politiattest må leverast før oppstart
Personlege eigenskapar
- •Du er varm, omsorgsfull og trygg.
- •Du likar å vere saman med barn og engasjere deg i leiken deira.
- •Du er fleksibel og kan stille opp på kort varsel.
- •Du er positiv, ansvarsbevisst og løysingsorientert.
- •Du likar å vere ute og bruke naturen som arena for leik og utforsking.
- •Du bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
- •Du jobbar sjølvstendig, men samarbeider godt i team.
- •Du reflekterer over eigen praksis og søkjer rettleiing når det trengst.
Personlege eigenskapar og gode referansar vil bli vektlagde.
Arbeidsoppgaver
- •Gi omsorg, støtte og vere ein trygg vaksen for barna.
- •Delta aktivt i leik, aktivitetar, måltid og daglege rutinar.
- •Bidra til at alle barn opplever tilhøyrsle, meistring og trivsel.
- •Støtte barna si utvikling gjennom språk, samspel og gode relasjonar.
- •Legge til rette for aktivitetar og miljø i tråd med montessoripedagogikken.
- •Vere med på turar og uteaktivitetar gjennom året.
- •Følgje barnehagen sine rutinar, HMS-prosedyrar og retningslinjer.
- •Støtte barn i medverknad og positiv grensesetting, individuelt og i gruppe.
- •Samarbeide godt med kollegaer og føresette.
- •Ta imot rettleiing og bidra positivt i arbeidsmiljøet.
Vi tilbyr
Vi tilbyr
- •Lønn etter gjeldande tariff og gode pensjonsordningar
- •Varierte, spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- •Engasjerte og positive kollegaer, føresette og barnehageeigarar
- •Naturnære omgjevnader, med fine turområde og små barnegrupper
- •Høve til å bli del av eit større montessorimiljø
Det krevst godkjend politiattest før oppstart.
