Fysioterapi og ergoterapi, Kviteseid kommune
Ergoterapeut/fysioterapeut 100 % vikariat ved omsorg og meistring
Vi har ledig eit vikariat som ergoterapeut/fysioterapeut i 100 % stilling fram til 30. april 2027, med moglegheit med forlenging og fast ansettelse.
Vi søkjer ein engasjert og sjølvstendig medarbeidar som ønskjer å bidra til å styrkje meistring, funksjon og livskvalitet for innbyggjarane våre. Stillinga er variert og gir moglegheit til å arbeide med brukarar i ulike aldrar og livssituasjonar.
Arbeidsoppgåver
• Kartlegging, vurdering og oppfølging av brukarar i heim og institusjon • Rehabilitering og habilitering • Rettleiing og opplæring av brukarar, pårørande og tilsette • Vurdering og formidling av hjelpemiddel • Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar • Delta i kommunen sitt demensteam • Oppfølging av personar med demens og deira pårørande • Bidra i arbeid knytt til demensutgreiing, rådgjeving og tilrettelegging Kvalifikasjonar
• Autorisasjon som ergoterapeut eller fysioterapeut (Andre med relevant helse- og sosialfagleg utdanning og erfaring kan også bli vurderte for stillinga) • Erfaring frå kommunehelsetenesta er ein fordel • Interesse for arbeid med personar med demens og deira pårørande • Evne til å arbeide sjølvstendig og i tverrfaglege team • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Må ha førarkort klasse B Personlege eigenskapar Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. Kommunen legg vekt på:
• psykososialt arbeidsmiljø, • samarbeidsevner og • mellommenneskelege arbeidstilhøve. Vi tilbyr
• Ei spennande og variert stilling • Faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø • Tett samarbeid med engasjerte kollegaer på tvers av tenesteområda Kontaktinformasjon Monica Øygarden Halvorsen, Einingsleiar omsorg og meistring, +47 90920315, monica.halvorsen@kviteseid.kommune.no
Arbeidsstad Lundenvegen 30
3850 Kviteseid
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Kviteseid kommune
