Workfinder

NPI - Innovasjonsinfrastruktur, Vestland fylkeskommune

Rådgjevar

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Vestland fylkeskommune har ei viktig rolle som samfunnsutviklar, og skal leggje til rette for innovasjon og digitalisering i heile fylket. Vil du vere med på dette arbeidet? Stillinga gir deg fleire ulike ansvarsområde: eit sentralt ansvar for planlegging og gjennomføring av store arrangement i regi av eininga, prosjektstøtte til eit europeisk prosjekt, og samarbeid med innovasjonsøkosystemet i Vestland. Saman med resten av teamet skal du leggje til rette for samarbeid, nyskaping og digitalisering i fylket.

Arbeidsoppgåver

• Planlegging, koordinering og gjennomføring av store arrangement og konferansar • Prosjektstøtte til eit europeisk prosjekt • Bidra i arbeid knytt til innovasjon og digitalisering i eininga • Vurdering og saksbehandling av søknadar • Samarbeid med interne og eksterne aktørar, partnarar og nettverk • Anna relevant arbeid knytt til eininga sine ansvarsområde Kvalifikasjonar Vi ser etter deg som har:

• utdanning på masternivå. Mastergrad, gjerne innan relevant fagfelt (til dømes samfunnsfag, innovasjon, digitalisering, økonomi eller liknande) • erfaring med arrangementsplanlegging og/eller prosjektarbeid er ein fordel • kjennskap til innovasjonsarbeid og/eller digitaliseringsprosessar er ein fordel • erfaring med søknadsvurdering eller saksbehandling er ein fordel • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk, og gjerne engelsk (relevant for arbeid med europeiske prosjekt) Kvalifiserte søkjarar som kan starte raskt, vil bli prioritert. Personlege eigenskapar Vi ønskjer at du:

• kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig • er strukturert og sjølvstendig, med god gjennomføringsevne • er god til å samarbeide og byggje relasjonar • er fleksibel og løysingsorientert i møte med varierte oppgåver • er engasjert for innovasjon og digital inkludering Vi tilbyr Hos oss får du:

• ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag • ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse • gode moglegheiter for fagleg utvikling • løn etter avtale • moglegheit for heimekontor • gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar Kontaktinformasjon Heidi Bjønnes Larsen, leiar, 99613868

Arbeidsstad Lars Hilles gate

5008 Bergen

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5191859488

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 04.01.2027

Sluttdato: 14.01.2028

Søknadsfrist: 06.11.2026