Workfinder

Ulvik Herad Stab

Me har ledig stilling som nærings- og samfunnsutviklar!

Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)

Vil du vera med å forma framtida til Ulvik? - Me har ledig stilling som nærings- og samfunnsutviklar! Ulvik herad søkjer ein engasjert og utviklingsorientert medarbeidar som vil få ei sentral rolle i arbeidet med å styrkja lokalsamfunnet, næringslivet og reiselivet i kommunen. Me ser etter deg som brenn for samfunnsutvikling, trivst med samarbeid og ønskjer å gjera idear om til konkrete resultat. Som nærings- og samfunnsutviklar vil du arbeida i skjæringspunktet mellom offentleg forvaltning, næringsliv og innbyggjarar. Du får ansvar for å initiera, koordinera og fylgja opp utviklingsprosjekt som bidreg til berekraftig vekst og attraktive lokalsamfunn. Arbeidsoppgåver

  • •Vera kommunen sitt kontaktpunkt for næringsliv og etablerarar
  • •Leggja til rette for næringsutvikling og entreprenørskap. Reiselivet er ei godt etablert næring i Ulvik, og vil vera eit viktig arbeidsfelt.
  • •Utvikla og fylgja opp strategiar, planar og prosjekt innan næringsutvikling, reiseliv og samfunnsutvikling
  • •Samarbeida tett med lokalt næringsliv, destinasjonsselskap, regionale aktørar og offentlege myndigheiter
  • •Søkja om og forvalta tilskotsordningar og prosjektmidlar
  • •Utarbeida planar for næring- og samfunnsutvikling
  • •Initiera og bidra til tverrsektorielt samarbeid i heradet for å fremja utvikling
  • •Koordinera tiltak som styrkjer attraktive bumiljø, sentrumsutvikling og tilflytting
  • •Fylgja opp politiske vedtak og utarbeida saksframlegg til politisk handsaming
  • •Representera kommunen i regionale nettverk og samarbeidsforum
  • •Bidra til profilering og omdømebygging av Ulvik som bu-, besøks- og etableringsstad
  • •Overordna ansvar for Cittaslow og turistkontoret

Kvalifikasjonar

  • •Relevant høgare utdanning innan nokre av desse fagområda: Samfunnsutvikling, næringsutvikling, økonomi og leiing, reiseliv eller tilsvarande
  • •Erfaring frå prosjektleiing, utviklingsarbeid eller offentleg forvaltning
  • •Erfaring med søknader om tilskotsmidlar og prosjektfinansiering
  • •God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • •Har god forståing for samspelet mellom politikk, administrasjon og næringsliv
  • •Førarkort, klasse B

Personlege eigenskapar Me ser etter deg som:

• Er initiativrik og har gjennomføringsevne • Er god til å byggja relasjonar og skapa samarbeid • Arbeider sjølvstendig og strukturert • Er utviklingsorientert og ser moglegheiter Personlege eigenskapar vil verta vektlagde.

Me tilbyr

  • •Ei spennande og variert stilling med stor påverknad på utviklinga av kommunen
  • •Moglegheit til å arbeida med viktige samfunnsoppgåver og framtidsretta prosjekt
  • •Dyktige og engasjerte kollegaer
  • •Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • •Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar

Bli med og skap framtida i Ulvik Hos oss får du høve til å arbeida med både næringsutvikling, reiseliv og samfunnsutvikling i ein kommune med store moglegheiter, sterke tradisjonar og ambisjonar for framtida.

Link til søknadsskjema: Søk her