Avlastningsbustad for born, Haram kommune
Sjukepleiar/vernepleiar- Nattstilling
Butenesta i Haram har for tida ledig 70% stilling på natt som sjukepleiar/vernepleiar i barnebustad og avlasting. Stillinga er ledig frå 1. november 2026, eller etter avtale. Barnebustad og avlasting held til i lokale ved Solbakken bukollektiv på Vatne.
Turnus for stillinga er for tida natt, med arbeid kvar 3. helg. Butenesta skal i ein 4-årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til rettleiaren "Gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som miljøterapeut får du vere ein del av dette arbeidet. I 2025 har avdelinga vore med i prosjektet TØRN, og dette skal no implementerast ut i dei andre avdelingane i Butenesta.
Haram kommune er oppteken av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode. Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette, og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Arbeidsoppgåver
• Målretta miljøarbeid. • Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønskje. • Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette. • Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar. • Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk. • Fagutvikling, sjukepleiar/vernepleiar vil ha fagansvar og koordineringsansvar i avdelinga. • Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov. • Rettleiingsansvar, både i gruppe og på individnivå. • Innleige ved sjukdom, i turnussystemet GAT. • Delta på personalmøte, og andre relevante møte. • Legemiddelhandtering. Kvalifikasjonar
• Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar. • Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team. • Erfaring i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9. • Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg. • Førarkort kl. B. • Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming. • Politiattest er eit krav. Personlege eigenskapar
• Du viser initiativ og er kreativ. • Du er kunnskapsrik og fagleg oppdatert. • Du er pliktoppfyllande og sjølvgåande. • Du har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson. • Du har evne til å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar. • Du har evne til å skape engasjement og har gode haldningar og moral. • Du er ein lagspelar som bidreg til at felles mål blir nådd. • Du er lojal og stabil. • Personlege eigenskapar vert vektlagt. Vi tilbyr
- •Ein kjekk arbeidsplass med høve til personleg og fagleg utvikling.
- •Rom for å vere kreativ.
- •Løn etter gjeldande tariffavtale.
Kontaktinformasjon Janne Madelen Bergene, avdelingsleiar, 91161215, janne.madelen.bergene@haram.kommune.no
Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.no
Arbeidsstad Ulvestadvegen 6
6265 Vatne
Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Haram kommune
