Luster kommune Teknisk drift
Reinhaldar
Lagt ut i dag, Fra arbeidsplassen.no (NAV)
- Gaupne
- Heltid, Fast, Fast
- Frist 2. november
- Lønn ikke oppgitt
Teknisk drift har ansvar for drift- og vedlikehald av kommunale bygg, kommunale vegar, grøntanlegg og vatn- og avlaupsnett i kommunen. For tida er det tilsett over 40 personar ved teknisk drift - fagarbeidarar, vaktmeistarar og reinhaldarar. "Uteseksjon" held til i gode lokale i Gaupne, medan vaktmeistarar og reihaldarar møter/ arbeider ved dei ulike bygga rundt i kommunen. Stillingsinformasjon
• Luster kommune har ledig fast 100% stilling som reinhaldar ved kommunale bygg. Arbeidsoppgåver
• Reinhald ved kommunale bygg i kommunen Kvalifikasjonar
• Fagbrev som reinhaldar er ønskjeleg, men ikkje noko krav • Førarkort kl. B (Personbil) • Må meistre norsk skriftleg og munnleg Me legg vekt på
• Gode kommunikasjonsevner • Gode samarbeidsevner og evner til å arbeide sjølvstendig • Serviceinnstilt • Lærevillig - bruk av reinhaldsmaskiner blir det meir av framover Me kan tilby
• Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår. • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse. • Gode moglegheiter for fagleg utvikling. • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar. • Løn etter gjeldande lønstabell, ansiennitet og avtaleverk. Andre opplysningar
- •Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
- •Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
- •Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
- •Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.